aktuelt

Nynorskstipend til Espen Moe Breivik

Nynorskstipend-overrekking: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag (t.v) og Espen Moe Breivik. (Foto: Thomas Brun, NTB Kommunikasjon)

Espen Moe Breivik får nynorskstipend av Noregs Mållag på 50 000 kroner. Han skal skape innhald i sosiale medium om politikk retta mot unge vaksne. 

Til hausten er det nytt stortingsval, og vi veit at det er låg valdeltaking mellom dei unge vaksne veljarane. Det er viktig å nå unge veljarar, og sosiale medium er ei svært viktig kjelde til nyhende og politikk for denne gruppa.

– Mållaget tykkjer det er svært meiningsfullt å få vere med på å gje støtte til sosialt medium-innhald for unge veljarar om politikk og mediekritikk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.  

Espen Moe Breivik frå Volda har bakgrunn som journalist i VG, VGTV og NRK. Denne erfaringa vil vere nyttig i det nye prosjektet fram imot valet.

– Det er viktig å nå ut med innhald om politikk og debatt som får merksemd i sosiale medium på nynorsk. Skal vi har eit levande demokrati og folkestyre, må alle delta. Vi har tru på at Espen Moe Breivik er rette mannen for å få det til, seier Peder Lofnes Hauge. 

Nynorskstipenda er finansierte av Kulturdepartementet og blir delte ut kvart år. Eitt til ein mann og eitt til ei kvinne, begge på 50 000 kroner. Dei skal særleg gå til tiltak som gjev nynorsk på nye område, eller område der det er lite nynorsk.