aktuelt

Nynorskstipend til Ivar Aasen-musikal

Frå venstre: Emilie Swensen, produsent, Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, Olav Ødegård, tekstforfattar og Inga Skogseth, leiar i Studentersamfundets Interne Teater. Marcus Grand var ikkje til stades då biletet vart teke. (Foto: Vemund Norekvål Knudsen)

Noregs Mållag gjev nynorskstipend til Marcus Grand og Olav Ødegård for å lage musikk og skrive manus til «Ivar Aasen-Musikalen».

Musikalen skal setjast opp av Studentersamfundet Interne Teater i oktober. 

– Ivar Aasen og nynorsken er allemannseige, og det er artig å gjere Ivar Aasen sitt liv til ein musikal. Det er med glede vi gjev nynorskstipend til eit kreativt og underhaldande prosjekt som dette, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– Den fyrste reisa til Ivar Aasen for å samle inn ord og uttrykk vart finansiert med stipend frå Vitenskapsakademiet i Trondheim. Då er det ekstra kult at det nettopp her blir sett opp ein musikal om Ivar Aasen sitt liv og arbeid.

Gjennom musikalen vil Marcus Grand og Olav Ødegård formidle livet til Ivar Aasen gjennom tre akter. Me følgjer Ivar frå ungdomsåra på Solnør, gjennom språkreiser i fjellheimen, til Kristiania med språkdebatt og lengt etter kjærleiken til ein gamal flamme.

– Sjølv om kjernen i denne produksjonen er historia om Ivar Aasen, så handlar han om mykje meir enn det. Mange av oss har så mykje kjærleik for alt som heiter norsk historie, norsk språk, norsk handverk og norsk folkemusikk. Det er ein draum å kunne hente fram denne kjærleiken og slå det saman med det enorme engasjementet og samhaldet me har på Samfundet, fortel Marcus Grand. 

Sjølve utdelinga av stipendet var på Studentersamfundet, dagen før landsmøtet til Noregs Mållag opnar på på Scandic Nidelven i helga.

Noregs Mållag gir kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kroner som skal gå til nynorsk på område der han frå før er lite brukt. Prispengane vert tildelt frå Kulturdepartementet.