aktuelt

Nynorskstipend til James K. Puchowski

Synnøve Marie Sætre og James K. Puchowski vinnar av nynorskstipend 2022

James K. Puchowski er tildelt nynorskstipend på 50 000 kroner frå Noregs Mållag.

Han får stipendet for å laga ei innføringsbok for studentar om nynorsk og språkstoda i Noreg. Den førre boka om emnet vart laga for over 30 år sidan. 

– Det er viktig å inkludera alle i nynorsken, og ei innføringsbok er ein døropnar til nynorsken, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag. Det var ei eiga høgtidleg utdeling av nynorskstipend på ei tilskiping på skrivarstova til Noregs Mållag. 

James K. Puchowski er ein polskætta brite som kom til Noreg for å studera norsk. Der fann han nynorsken og vart styremedlem i Studentmållaget i Oslo. No jobbar Puchowski i London som universitetslektor (Lecturer) i norsk ved University College London der han underviser britiske studentar i norsk. 

Puchowski har nettopp levert inn eit doktorgradsarbeid der han samanliknar språkstrid og språkaktivisme i Catalonia, Skottland og Noreg. 

Han meiner at nynorsk må visast fram som eit sjølvstendig og levande språk som alle kan læra uansett kvar dei er. Mange hjelpemiddel og ressursar har blitt skrivne for folk som har flytta til Noreg for å arbeida. Og det er diverre bokmål og austlandske, Oslo-nære dialekter som blir prioriterte når utlendingar lærer norsk. 

Dette har James sjølv opplevd som student. Han meiner at situasjonen er irriterande og lett kan forsterka tanken hjå utlendingar om at det norske språket er monolittisk med viktige prestisjevariantar. Boka går ut frå at både nynorsk og bokmål er språk med ein god del variasjon, valfridom, og stilistiske preg.