Nynorskstipend til Kornelia Melsæter
Kornelia Melsæter får nynorskstipend for førestillinga «Det var ein gong eit språk».
Tidlegare har ho turnert med denne til ungdomsskular i Ålesund, og no skal ho utvikla førestillinga vidare. Planen er å nå ut breiare til ungdomsskuleelevar i Oslo og på Austlandet.
– Med turnéen i Ålesund har nynorskstipend-vinnaren erfart korleis ein kan vekkja språkleg medvit, og førestillinga hennar skapar engasjement rundt språket si rolle i samfunnet, seier Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag.
– Difor er dette er eit godt prosjekt. Det er svært viktig for nye generasjonar ungdomsskuleelevar som skal ha nynorsk som sidemål, å få læra om den norske språksituasjonen, og å forstå kvifor nynorsk er ein viktig del av samfunnet vårt, seier Live Havro Bjørnstad.
Førestillinga er spesielt tilpassa norskfaget, og stipendmottakaren brukar både kunnskap og humor for å gjera innhaldet relevant og tilgjengeleg. Kornelia Melsæter er produsent for førestillinga, og med seg har ho Fride Snipsøyr Holøs som medskodespelar.
Opplegget til Kornelia Melsæter er basert på undervisningsvideoen “Språkhistoria på 11 minutt!», utvikla av norsklærar Magritt Jarlsdotter Grimstad. Dette er ein svært populær video som vert godt brukt i undervisninga på mange ungdomsskular over heile landet.
Nynorskstipenda frå Noregs Mållag er finansierte av Kulturdepartementet og vert delte ut kvart år. Eitt stipend skal gå til ein mann, eitt til ei kvinne og begge er på 50 000 kroner. Desse skal særleg gå til tiltak som løftar nynorsken på nye område, eller i område der det er lite nynorsk frå før.