aktuelt

Nynorskstipend til Monika Haanes Waagan

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, overrekte nynorskstipend til Monika Haanes Waagan. (Foto: Hege Lothe)

Monika Haanes Waagan frå Herøy får nynorskstipend frå Noregs Mållag for å lage ein nettsidemal og eit tilhøyrande minikurs for bedrifter som vil byggje nettsida si sjølv.

Stipendet er på 50 000 kroner og skal gå til område der nynorsken ikkje står sterkt i dag. Det er styret i Noregs Mållag som avgjer mottakar, og pengane er løyvde frå Kulturdepartementet. Ho fekk overrekt blom og gode ord frå Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, på tilskipinga Det nynorske forspelet i Fosnavågen onsdag kveld.

– Vi ynskjer oss meir nynorsk i det private næringslivet og at det skal vere lettare å velje nynorsk. Vi har tru på at nettside-pakkeløysinga til Monika Haanes Waagan kan gje oss fleire nynorske bedrifter på internett, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– Det å bruke nynorsk er heilt sjølvsagt for meg, men som bedrift å finne leverandørar som tilbyr, særleg digitale tenester, på nynorsk, er ikkje alltid like lett. Dette kan gjelde alt frå nettsider til rekneskapstenester eller skriveverktøy, seier Monika Waage Haanes. Ho arbeider profesjonelt med informasjonsløysingar gjennom si eiga verksemd www.akka-as.no

– Vi må som oftast ta ein ekstra runde for å få lov til å bruke språket vårt fullt ut, så det er godt at vi har Mållaget og andre som hjelper oss i kampen mot utanlandske teknologigigantar, som på mange måtar prøver å styre korleis vi skal bruke språket vårt i vårt eige land, seier Monika Waage Haanes.

Nettside- og kursløysinga vil gje små verksemder ei rimelegare pakkeløysing. Kurset er på nynorsk og er klart til påmelding til hausten.