aktuelt

Nynorskstipend til Øygunn Leite Kallevik

Øygunn Leite Kallevik fekk nynorskstipendet under landsmøtet i Noregs Mållag. (Foto: Kristianne Marøy)

Noregs Mållag deler ut 50.000 kroner i stipend til Øygunn Leite Kallevik for å lage ei lærebok i journalskriving for medisinstudentar.

Øygunn Leite Kallevik skal revidere, omsetje og slå saman bøkene Medisinsk journalskriving og Journal1 til ei felles lærebok for medisinstudentar og turnuslegar. I dag finst det korkje ei oppdatert lærebok på nynorsk eller på bokmål, men det skal Øygunn gjere noko med.

– Styret la i si grunngjeving vekt på at i medisinen, som i andre profesjonar, er det viktig at studentane lærer seg eit presist språk og norske faguttrykk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Også medisinutdanninga er sterkt prega av at mykje faglitteratur er på engelsk.

Øygunn Leite Kallevik er leiar i Medisinsk Mållag, eit yrkesmållag for alle som arbeider og studerer i det norske helsestellet. I arbeidet med læreboka vil medlemene i laget bidra med journalmalar og journaldøme, og fleire språkfolk vil bidra med faglege og språklege råd. 

Noregs Mållag deler kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kroner kvar. Eitt til ei kvinne og eitt til ein mann. Stipenda skal gå til prosjekt som fremjar nynorsk på område der han frå før er lite brukt. Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet.