aktuelt

Nynorskstipend til samtidsstev og kinesisk politikk

Thea Hjelmeland og Dag Inge Bøe har fått 50 000 kroner kvar frå Noregs Mållag for å fremje nynorsk.

Hjelmeland får stipend for eit prosjekt med nynorske samtidsstev, medan Bøe får for bloggen kinesiskpolitikk.no

Kvart år deler Noregs Mållag ut to nynorskstipend på 50.000 kroner. Midlar til stipenda får vi av Kulturdepartementet, og føremålet er å hjelpe fram gode prosjekt som kan fremje nynorsk på alle samfunnsområde. Det eine skal gå til ei kvinne, og det andre skal gå til ein mann.

– Det er eitt visst spenn frå samtidsstev til kinesisk politikk, men dette viser berre at nynorsk er eit språk som passar til absolutt alt, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Thea Hjelmeland skal nytte stipendet som arbeidsstipend for tekst til nykomponerte samtidsstev. Hjelmeland er 33 år, kjem frå Førde og bur i Bergen. Ho er artist og har tidlegare fått fleire prisar som musikar, komponist, tekstforfattar, musikalsk arrangør og produsent.

Prosjektet til Thea Hjelmeland er arbeid med tekst til det ho kallar samtidsstev; originale komposisjonar med moderne tekstar i tradisjonelt folkemusikkformat.

– Det er kjekt å vere med å bidra til at dette prosjektet vert realisert, og vi gler oss til å høyre resultatet, seier Peder Lofnes Hauge.

Dag Inge Bøe har starta ein blogg som skal følgje utviklinga i kinesisk politikk og samfunnsliv. Bøe er 33 år og kjem frå Manger i Nordhordland. Han har mellom anna mastergrad i sosialantropologi med feltarbeid frå Beijing og bachelorgrad i kinesisk frå Universitetet i Bergen. Med denne bakgrunnen har han etablert ein blogg som følgjer kinesisk samfunnsliv. 

– Analysar og dekning av internasjonal politikk er som regel på engelsk eller bokmål, og det er meiningsfullt å vere med å bidra til at meir av dette politikkfeltet vert skrive på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.