aktuelt

Nynorskstipend til yoga

(Foto: Jannica Luoto)

Ingvild Skodvin Prestegård får stipend på 50 000 kroner for å utvikle materiell om yoga på nynorsk.

– Yoga er populært i Noreg, og det er eit felt som er dominert av engelsk. Dette prosjektet er spennande fordi det vektlegg så klårt at eit godt språk er eit tydeleg, nært og konkret språk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Ingvild Skodvin Prestegård er utdanna sosialantropolog frå UiB med spesialisering i meistring. Ho er yogainstruktør i Bergen. Ho er oppteken av at deltakarane skal ha eit godt, norsk språk for å kunne formidle erfaringane sine. I yogatimane lærer dei om anatomi og fysiologi slik at dei forstår kroppen betre. Dei lærer om å jobbe med kroppen, og ikkje mot.

Ho har sett at utmatting er eit problem for nokre deltakarar, og no ser ho også at mange som har blitt smitta av korona, slit med seinskadar og redusert kapasitet. Difor ynskjer ho å utarbeide ein sjølvomsorgsressurs som skal vere lett tilgjengeleg, og kan gje praktiske, enkle yogateknikkar som kan vere med på å støtte legingsprosessar. Ein slik brosjyre vil spreie gode livsmeistringsreiskapar på nynorsk.

(Foto: Jannica Luoto)

– Dette trur vi vert teke godt imot, og det er eit bidrag til opne opp for nynorsken på eit nytt område, seier Peder Lofnes Hauge.

Kvart år deler Noregs Mållag ut to nynorskstipend på 50.000 kroner. Midlar til stipenda får vi av Kulturdepartementet, og føremålet er å hjelpe fram gode prosjekt som kan fremje nynorsk på alle samfunnsområde. Det eine skal gå til ei kvinne, og det andre skal gå til ein mann.