aktuelt

Nynorskstryk til Framstegspartiet

Foto: Helge Mikalsen / VG

– Frp si nynorskforakt er påfallande. Eg spør meg om partiet veit kva som tener dei best, seier leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

I det nye arbeidsprogrammet til Framstegspartiet (Frp) er det ingen tiltak for å styrkje nynorsk. Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge er ikkje nådig i karakteristikken av partiet sin språkpolitikk.

– Alle tre punkta i partiprogrammet som gjeld nynorsk, handlar om å «fjerne sidemål». Ikkje nok med at partiet ikkje vil betre jamstillinga mellom målformene, dei vil svekkje henne. Frp skriv i programmet sitt at dei vil «ivareta norsk kultur og kulturarv». Men i praksis står partiet fram som eit kulturlaust parti utan interesse for språkleg likeverd og språklege tradisjonar.

Partiet si nynorskforakt er påfallande, meiner Lofnes Hauge.

– Partiet avslører rett og slett dårleg kunnskap om den norske språksituasjonen. Når dei vil «fjerne krav om sidemål», kan det i prinsippet tolkast som at dei snakkar om bokmål, sjølv om alle skjønar at det ikkje er det dei gjer.

Lofnes Hauge spør om landsmøtet i Framstegspartiet veit kva som tener partiet best.

– Framstegspartiet hadde den einaste nynorskbrukande statsråden då dei sat i regjering. I tillegg veit vi at dei har mange potensielle veljarar i tradisjonelle nynorskområde, til dømes på Nordvestlandet. Nynorskforakt er rett og slett ikkje like i vinden som det ein gong var, og det kan vere verdt å merke seg for eit parti som går tilbake på meiningsmålingane.

Her er det som står om nynorsk i programmet til Framstegspartiet:

Fjerne krav om sidemål i det offentlige

At undervisning og eksamen i sidemål skal være valgfritt i ungdomsskolen

Ha valgfri sidemålsvurdering i videregående utdanning