Nynorsktilskiping under Arendalsveka
Kva konsekvensar får kunstig intelligens og store språkmodellar for norsk språk? Nynorskorganisasjonane i Nynorsk forum (Noregs Mållag inkludert) inviterer til eiga tilskiping under Arendalsveka 2024!
Tid: Tysdag 13. august kl. 12.30
Stad: Bankgården (Hotell Arendal) i 3. etasje
Er språkmodellar så som ChatGPT ei redning for mindre språk som nynorsk og bokmål, eller vil denne utviklinga forsterke engelsk som eit dominerande språk i det norske samfunnet? Kva gjer regjeringa og styresmaktene for å sikre norsk som eit samfunnsberande språk i møte med utfordringane KI fører med seg?
Det vert innleiingar frå direktør for Språkrådet, Åse Wetås, nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og utviklar i NTB Arkitekst, Jo Christian Oterhals. Det vert også panelsamtale med leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge og stortingsrepresentantane Alfred Bjørlo (V) og Torstein Tvedt Solberg (Ap).
Ordstyrar er direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik.
Les meir på facebookhendinga: https://www.facebook.com/events/473073862253897/?ref=newsfeed
Hjarteleg velkomen til den viktige debatten i Arendal!