aktuelt

Nytt liv i Giske Mållag

Endeleg! Det har ikkje vore liv i laget siste tiåret, men no er det full drift i Giske Mållag.

Ho som har drege det heile i gang er Anne-Lise Roald, og ho er også nyvald leiar for laget. Heile 14 medlemmer møtte fram til årsmøtet då laget skulle få nytt liv.

Årsmøtet vart halde på Nittennullni («Kviteskulen» på Valderøya). På førehand var det gjort eit arbeid med å finne medlemmer som kunne tenkje seg å gå inn i styret. Så då vart styret slik: Anne-Lise Roald vart samrøystes vald til leiar for eitt år. Styremedlemene vart Sindre Røsvik, Trine Røssevold, Robert Fylling, Cecilie Solli og Arnfinn Vartdal. Lene Gjelsvik vart vald til varamedlem.

Vil heie på nynorsken
Det vart også tid til ei god runde med idear og framlegg til kva lokallaget kunne halde på med. Folk hadde lyst til å lage quiz-kveldar, ulike temamøter, forfattarbesøk, i tillegg til å oppmode folk om å registrere seg med nynorsk i sjølvmeldinga eller andre lågterskel-tiltak.
– Det er viktig å vere eit ope og inkluderande lag, der vi heiar på dei som bruker nynorsk, seier Anne-Lise Roald.
– Vi skal vere eit aktivt lag, samtidig som vi ikkje skal leggje lista alt for høgt.