Nytt mållag på Nesna!
I dag vert det skrive mållagshistorie i Nord-Noreg. Då vert Nesna Mållag i Nordland starta opp! Det er Berit Oksfjellelv som står i spissen for oppstarten.
Er du oppteken av språkleg mangfald? Interessert i dialektar? Har du sansen for litteratur? Er du nysgjerrig på korleis ein kan jobbe for språkleg identitet? Synest du fylkets språksensur er litt dustete? Kan du svare ja på eit av desse spørsmåla, så er du velkomen til oppstartsmøte av Nesna Mållag.
Det er Berit Oksfjellelv som står bak initiativet. Ho er stipendiat ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag på Nord universitet. Ho og fleire andre skreiv debattinnlegg i november med tittelen Ja til nynorsk i Nordland i Avisa Nordland.
Ope møte
Allereie no er det kome til 19 medlemer i Nesna Mållag, og det er plass til fleire. Det er mogleg å melde seg inn i Nesna Mållag. Sjekk her: https://www.nm.no/bli-medlem/ Oppstartmøte av Nesna Mållag er i dag, torsdag 30. januar klokka 18 på rom A204 (i gammalbygget) på Nord universitet, campus Nesna.
Det vert foredrag om Nynorskens historie på Nesna (frå midten av 1800-talet fram til i dag) ved Berit Oksfjellelv og Hallvard Kjelen. Informasjon om mållaget og om lokale vyar og visjonar for laget med idèmyldring ved Kurt Are Einmo. Det blir opplesing av dikt frå den lokale forfattaren Jon Klæbo ved Anne Lise Wie og musikalsk Elias Blix-innslag ved Marian Børli Sivertsen og Snorre Magnus Sivertsen.
Ingar Arnøy vil vere med som gjest ifrå Noregs Mållag.
Alle er hjarteleg velkomne til å sjå innom!