Nytt prosjekt for meir nynorsk i skulen i Rogaland
I november starta Trond Salte som prosjektleiar for det nye prosjektet «Meir mål i Rogaland».
– Å få jobba meir med nynorsk og den språkkulturelle delen av norskfaget var ein viktig motivasjon for å søkja på stillinga, fortel Trond Salte (39), nytilsett prosjektleiar.
Prosjektet «Meir mål i Rogaland» har som mål å styrkja nynorsken på Jæren og i Rogaland. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Rogaland Mållag, Noregs Mållag og LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar). Karmsund Mållag gir støtte til prosjektet. LNK er arbeidsleiar og har arbeidsgjevaransvar, medan Garborgsenteret på Bryne er kontorstaden.
Nynorsk bakgrunn
Trond Salte kjem frå Ganddal i Sandnes kommune. I oppveksten gjekk han, som ein av veldig få, i nynorskklasse ved Ganddal skole. Han er utdanna lektor med norsk som hovudfag, og engelsk og historie som tilleggsfag. Han skreiv masteroppgåve om Brynedialekta. Og har sidan arbeidd som lærar i vidaregåande skule i litt over ti år.
– Sjølv om eg har brukt mykje nynorsk i undervisinga, har eg ikkje jobba særleg mykje med nynorsk spesifikt. Svært mange av dei som går på skule i Sandnes no har ikkje nynorsk som hovudmål. Og så er jo norskfaget i vidaregåande skule mykje meir enn nynorsk og dialekt. Eg gler meg til å jobba meir spissa med desse temaa og med det faglege, som eg brenn for, fortel Trond Salte.
Stort prosjekt
Trond Salte skal jobba i heile Rogaland, frå Jæren til Karmøy og Vindafjord, og djupt inn i Suldal i Ryfylke. Oppgåvene i jobben er svært varierte, og til no trivst Trond veldig godt. I det Mållaget ringer for ein prat, sit han og gjer avtalar med forfattarar til Garborgdagane som skal vera i slutten av januar.
– Forfattarane skal vitja barneskular og ungdomsskular, mellom anna. Eg skal også sjølv på ulike skulebesøk. Eg skal kartleggja kva behov skulane og barnehagane har, stoda for nynorsk og det språklege medvitet rundt om i kommunane. Og så skal vi tilby kurs og opplegg for både lærarar, elevar og tilsette. Jobben er svært variert, seier Trond Salte.
I fyrste omgang skal prosjektet gå i to år, men Trond håpar han får halda fram lenger enn det.
Ynskjer resultat
– Vi håper vi kan sjå resultat etter to år. Dei nyaste tala frå GSI (Grunnskolens Informasjonssystem) kom i desember. Det synte at fleire av fyrsteklassingane i Rogaland byrja i nynorskklasse. Det er ein særleg god oppgang i Klepp og Strand. Vi har eit godt grunnlag å byggja vidare på, fortel Trond Salte.
Det er over 11 000 nynorskelevar i Rogaland. Nær 7000 av desse bur på Jæren.
– Både Jæren og Rogaland er viktige område for nynorsken, og Jæren er ein region med befolkningsvekst som også kjem nynorsken til gode, seier Trond Salte.
Samstundes er Rogaland, saman med Innlandet, eitt av dei områda der flest elevar skiftar skriftspråk frå nynorsk til bokmål i løpet av vidaregåande skule.
Positiv framtidstru
Trond synest det er viktig å snakka positivt om nynorsk, og trur nøkkelen til motivasjon og begeistring for nynorsk ligg i kva assosiasjonar lærarane og skuleelevar har til nynorsk. Han meiner det er viktig å visa verdien og relevansen til nynorsken.
– Det som er mi største frykt, er at nynorsk primært skal vera eit «skulespråk», det vil seia noko som primært vert nytta i skulen og ikkje så mykje elles i samfunnet. Jærdialekta ligg mykje nærmare nynorsk enn bokmål, og eg skulle gjerne ha sett at til dømes næringsliv brukar meir nynorsk.
Du kan kontakta Trond Salte på epost: trond.salte@framtida.no eller telefon 932 17 344