aktuelt

Nytt rekordår for Mållaget: har passert 15 000 medlemer

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

– Dette er utruleg kjekt! Med eit rekordstort Noregs Mållag i ryggen ligg alt til rette for viktige gjennomslag for nynorsken i åra som kjem, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Allereie i august passerte Noregs Mållag fjorårets rekordår med 14 104 betalande medlemer, og no har organisasjonen altså runda 15 000. Det er det høgste medlemstalet organisasjonen har hatt sidan 1987.

F**K nynorsk
I løpet av valkampen melde femten hundre nye medlemer seg inn i Mållaget som ein reaksjon på Framstegspartiet sin ungdomsorganisasjon, FpU, sitt åtak på nynorsken, men mållagsleiaren konstaterer at organisasjonen også veks jamt gjennom året – og i heile landet.

– Vi har jobba systematisk med rekruttering, og med så mange nye medlemer i heile Noreg viser det at vi ikkje berre er ein interesseorganisasjon for nynorsken og nynorskbrukarane, men ei brei folkerørsle for heile landet, seier Peder Lofnes Hauge.

Ei ny tid for nynorsken
Lofnes Hauge ser med optimisme på framtida for språket, med ei ny språklov som lovfestar det offentlege sitt ansvar for å fremje nynorsken.

– Eg opplever at både nynorsken og Mållaget har vind i segla. Den urbane motstanden mot nynorsk døyr ut, og det nye er å melde seg inn i Mållaget. Vi har plass til fleire. Dess fleire vi er, dess større musklar har vi i møte med lokale og nasjonale styresmakter. Det merka vi då vi nyleg fekk utvida retten til å gå i eigen nynorskklasse ut ungdomsskulen, som er ein stor siger for nynorskelevane.

[Medlemstal Noregs Mållag]
1987: 15 431
1991: 13 222
2001: 10 883
2011: 10 433
2018: 13 050
2019: 13 581
2020: 14 104
2021, pr. 15. oktober: 15 000

For meir informasjon: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, 951 22 689 / e-post: peder.hauge@nm.no
På biletet: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
Fleire bilete: www.nm.no/om/kontakt-oss/pressekontaktar/