aktuelt

Nytt semester, ny språkrett!

Synnøve Marie Sætre og Tobias Christensen Eikeland

Studentar ved private utdanningsinstitusjonar startar semesteret med ein heilt ny språkrett. Frå 1. august  må nemleg både statlege og private skular tilby eksamensoppgåver på nynorsk og bokmål. Fram til no har ikkje dette vore ei plikt for private høgskular.

– Det er svært gledeleg at studentar på private skular får lovfesta retten til å få eksamen på sitt eige språk, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.

 – Denne saka har Norsk Målungdom jobba med i mange, mange år. Endeleg har vi vunne fram, smiler Tobias Christensen Eikeland, leiar i Norsk Målungdom. 

Denne retten har vore gjeldande ved statlege høgskular og universitet i lang tid. Likevel er det ei stadig utfordring at dei ikkje følgjer plikta si, og at studentane ikkje får oppfylt retten til å få eksamen på sitt valde språk.  

– Målungdommen kjem til å halde fram med å passe på at studentane får det dei har krav på, seier Tobias Christensen Eikeland.   

Det er over 50 000 studentar som no går på private høgskular som frå denne hausten for fyrste gong får rett til å ta eksamen på eige språk.