Nyttig møte med Tonje Brenna
 
					– Opplæringslova er ei like viktig språklov som språklova, sa leiar i Mållaget, Peder Lofnes Hauge, då han møtte kunnskapsminister Tonje Brenna.
– Det var eit nyttig og godt møte mellom Noregs Mållag og kunnskapsminister Tonje Brenna. Vi fekk lagt fram dei viktigaste utfordringane nynorsken har innanfor barnehagar og skulen, fortel Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– I arbeidet med den komande opplæringslova er det viktig for oss at kunnskapsministeren legg til grunn at det skal vere like lett å vere nynorskelev som bokmålselev.
I møtet med statsråden var dette dei viktigaste sakene Noregs Mållag tok opp:
Opplæringslova
Opplæringslova  er  ei  like  viktig  språklov  som  språklova.  Det  er  i  skulen  nye  nynorskbrukarar  vert  til,  og  det  er  diverre  også  her  dei  ofte  forsvinn.  Korleis  opplæringa  blir  administrert  og  gitt,  er  avgjerande  for  framtida  til  nynorsken  og  for  at  flest  mogeleg  framleis  skal  vere  nynorskbrukarar.  Difor  er  opplæringslova  heilt  avgjerande  for  nynorskelevane  og  for  nynorsken:
- Nynorskelevane må få alle sine læremiddel og læringsressursar på nynorsk. Læringsressursar må omfattast av parallellitetskravet.
- Skulane kan berre ta i bruk skriveverktøy med nynorsk stavekontroll, utan atterhald i lova.
- Nynorskdelen i norskbøkene må opp i ungdomsskulen og vidaregåande.
- Foreldre som vil opprette parallellklasse, må framleis få bestemme kva skule desse skal vere på.
- Det må løyvast nok pengar i statsbudsjettet til språkdelt ungdomsskule.
Tilskot til  språkdelingsklassar
I  framlegget  til  ny  opplæringslov  har  den  førre  regjeringa  gjort  framlegg  om  at  retten  til  å  gå  i  eigen  klasse  basert  på  opplæringsspråk,  skal  utvidast  til  å  gjelde  heile  grunnskulen.  I  høyringsdokumentet  presiserer  departementet  at  dette  føreset  finansiering  over  statsbudsjettet.
For språkdeling i barneskulen er det i dag etablert skjønsmidlar frå Statsforvaltaren for dei som har ekstra kostnader med slik klassar. Dette vert svært ulikt praktisert frå fylke til fylke. Gamle Meland kommune hevda dei hadde over 10 millionar i ekstrakostnader til språkdelingsklassar, utan å få ei krone frå dåverande fylkesmann i Hordaland. I Møre og Romsdal er derimot ordninga så integrert hjå Statsforvaltaren at kommunar ikkje treng å søkje: Statsforvaltaren brukar GSI-tala og løyver midlar basert på det til kvar skule.
Når ordninga med språkdeling no skal gjelde heile grunnskulen, bør finansieringsordninga gjerast meir lik i alle fylka, og ein bør sørge for at økonomi ikkje kan brukast som argument mot å opprette nynorskklassar i barneskulen eller mot å halde på dei gjennom ungdomsskulen.
Barnehagane  må  gjere  borna  klare  til  å  bli  nynorskelevar
I  dag  er  det  ikkje  fastsett  noko  opplæringsspråk  for  barnehageborn.  Det  tyder  at  born  som  skal  ta  til  med  nynorsk  på  skulen,  i  praksis  kan  gå  gjennom  barnehagen  utan  å  møte  nynorsk  i  det  heile.  Noregs  Mållag  meiner  at:
•  barnehageborn  må  få  språklege  rettar  slik  skuleelevar  har
•  rammeplanen  for  barnehagelærarutdanninga  må  stille  krav  til  at  barnehagelærarane  skal  kunne  førebu  borna  på  at  dei  vil  møte  nynorsk  i  skulen,  og  at  alle  skal  møte  nynorsk  og  den  lokale  dialekten,  uansett  kvar  dei  bur  i  Noreg
•  barnehageborn  må  møte  nynorsk  gjennom  språkstimuleringsmateriell,  litteratur,  leik  og  song.
Brot  på  opplæringslova
Noregs  Mållag  ser  at  det  mange  stader  vert  blanda  nynorskelevar  og  bokmålselevar  i  same  klasse  i  barneskulen,  trass  i  at  det  er  eit  brot  på  opplæringslova.  Dette  undergrev  opplæringa  særleg  til  nynorskelevane,  fordi  dei  treng  meir  eksponering  for  sitt  språk  enn  bokmålselevane  gjer.