aktuelt

Nyttig møte med Tonje Brenna

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, og Tonje Brenna, kunnskapsminister. Foto: Marit Aakre Tennø

– Opplæringslova er ei like viktig språklov som språklova, sa leiar i Mållaget, Peder Lofnes Hauge, då han møtte kunnskapsminister Tonje Brenna.

– Det var eit nyttig og godt møte mellom Noregs Mållag og kunnskapsminister Tonje Brenna. Vi fekk lagt fram dei viktigaste utfordringane nynorsken har innanfor barnehagar og skulen, fortel Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– I arbeidet med den komande opplæringslova er det viktig for oss at kunnskapsministeren legg til grunn at det skal vere like lett å vere nynorskelev som bokmålselev.

I møtet med statsråden var dette dei viktigaste sakene Noregs Mållag tok opp:

Opplæringslova
Opplæringslova er ei like viktig språklov som språklova. Det er i skulen nye nynorskbrukarar vert til, og det er diverre også her dei ofte forsvinn. Korleis opplæringa blir administrert og gitt, er avgjerande for framtida til nynorsken og for at flest mogeleg framleis skal vere nynorskbrukarar. Difor er opplæringslova heilt avgjerande for nynorskelevane og for nynorsken:

  • Nynorskelevane må få alle sine læremiddel og læringsressursar på nynorsk. Læringsressursar må omfattast av parallellitetskravet.
  • Skulane kan berre ta i bruk skriveverktøy med nynorsk stavekontroll, utan atterhald i lova.
  • Nynorskdelen i norskbøkene må opp i ungdomsskulen og vidaregåande.
  • Foreldre som vil opprette parallellklasse, må framleis få bestemme kva skule desse skal vere på.
  • Det må løyvast nok pengar i statsbudsjettet til språkdelt ungdomsskule.

Tilskot til språkdelingsklassar
I framlegget til ny opplæringslov har den førre regjeringa gjort framlegg om at retten til å gå i eigen klasse basert på opplæringsspråk, skal utvidast til å gjelde heile grunnskulen. I høyringsdokumentet presiserer departementet at dette føreset finansiering over statsbudsjettet.

For språkdeling i barneskulen er det i dag etablert skjønsmidlar frå Statsforvaltaren for dei som har ekstra kostnader med slik klassar. Dette vert svært ulikt praktisert frå fylke til fylke. Gamle Meland kommune hevda dei hadde over 10 millionar i ekstrakostnader til språkdelingsklassar, utan å få ei krone frå dåverande fylkesmann i Hordaland. I Møre og Romsdal er derimot ordninga så integrert hjå Statsforvaltaren at kommunar ikkje treng å søkje: Statsforvaltaren brukar GSI-tala og løyver midlar basert på det til kvar skule.

Når ordninga med språkdeling no skal gjelde heile grunnskulen, bør finansieringsordninga gjerast meir lik i alle fylka, og ein bør sørge for at økonomi ikkje kan brukast som argument mot å opprette nynorskklassar i barneskulen eller mot å halde på dei gjennom ungdomsskulen.

Barnehagane må gjere borna klare til å bli nynorskelevar
I dag er det ikkje fastsett noko opplæringsspråk for barnehageborn. Det tyder at born som skal ta til med nynorsk på skulen, i praksis kan gå gjennom barnehagen utan å møte nynorsk i det heile. Noregs Mållag meiner at:

• barnehageborn må få språklege rettar slik skuleelevar har
• rammeplanen for barnehagelærarutdanninga må stille krav til at barnehagelærarane skal kunne førebu borna på at dei vil møte nynorsk i skulen, og at alle skal møte nynorsk og den lokale dialekten, uansett kvar dei bur i Noreg
• barnehageborn må møte nynorsk gjennom språkstimuleringsmateriell, litteratur, leik og song.

Brot på opplæringslova
Noregs Mållag ser at det mange stader vert blanda nynorskelevar og bokmålselevar i same klasse i barneskulen, trass i at det er eit brot på opplæringslova. Dette undergrev opplæringa særleg til nynorskelevane, fordi dei treng meir eksponering for sitt språk enn bokmålselevane gjer.