aktuelt

Oddmund Hoel er ny statsråd for forsking og høgare utdanning

Frå venstre: Ny statsråd Oddmund Hoel, statsminister Jonas Gahr Støre og dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen. (Foto: Erik Grov)

Oddmund Hoel har lang erfaring frå målrørsla og var leiar i Noregs Mållag frå 1999 til 2002.

– Med Oddmund Hoel får vi ein tidlegare mållagsleiar rundt Kongens bord. Det er klart det er viktig for nynorsken, seier ein fornøgd leiar i mållaget, Peder Lofnes Hauge.

Oddmund Løkensgard Hoel var statssekretær i Kunnskapsdepartementet for dei to tidlegare statsrådane for forsking og høgare utdanning. Han kom frå stillinga som professor ved Høgskulen på Vestlandet og har vore mangeåring leiar i Luster Mållag.

Som statssekretær har han vore sterkt inne i arbeidet med handlingsplan for norsk fagspråk som regjeringa la fram i fjor.

– Oddmund kjenner sakene godt og veit kva målrørsla ventar av regjeringa. Dette er bra for sektoren, og godt nytt for nynorsk i akademia og elles i samfunnet, seier Peder Lofnes Hauge.

Han blir ein nynorskstatsråd i Kunnskapsdepartementet og det kan også vere godt nytt for nynorskelevane.

Oddmund Hoel er den fjerde leiaren frå Noregs Mållag som vert statsråd. Den førre var Knut Liestøl som var leiar frå 1925-1926, før han vart Kyrkje- og undervisningsminister frå 1933-35. Han avløyste Halvdan Koht som var leiar i Mållaget frå 1921-1925 og seinare vart utanriksminister frå 1935-40. Medan Jørgen Løvland var leiar frå 1909-12 etter at han var statsminister, men før han vart kyrkje- og undervisningsminster frå 1915-20.