Oddny Miljeteig 70 år
Ei av dei viktigaste utestemmene i Bergen fyller 70 år i dag, 5. oktober.
På mållagslandsmøte i Vinje i 2018 blei SV-kjempa heidersmedlem i Noregs Mållag. I 1899 samla bygdefolket seg i Vinje kyrkje for å røyste vekk dei danske salmane til fordel for Elias Blix sine nynorsksalmar. Kvinnene fekk ikkje røyste. Nynorsken vann, men kvinnene blei forbanna, organiserte seg og blei ein del av ein årelang kamp for allmenn røysterett. Det går ei linje frå damene i Vinje til Oddny.
Ingen andre har på eiga hand verva like mange nye medlemer til Noregs Mållag som Oddny. Under sidemålsstriden i 2012 var ho ein avgjerande viktig spelar. I studietida var ho aktiv i studentmållaget i Bergen. Målungdomane dreiv eigen utestad i Vaskerelven. Målkjellaren som det heitte, selde øl og pølser i brød, og heldt oppe lenge etter at dei andre pubane stengde for natta. Somme ting var betre før. Puben blei ein rekrutteringssentral for målsaka, sjølv om det nok var meir ølbule enn målreisingstiltak.
For om lag ti år sidan ville Høgre ha valfritt sidemål i bergensskulen, men Oddny og opposisjonen tredde eit forsøksprosjekt med nynorsk på barneskulen i bergensskulen nedover blåskjortene deira.
Dette blei eit slags startskot for ei historisk nynorsksatsing i Bergen, utan sidestykke, og som Oddny skal ha ein stor del av æra for. Den nynorskvenlege vinden som har blåse gjennom bystyresalen i Bergen dei siste åra, har auka i styrke for kvar gong nynorsk har blitt diskutert.
Nynorsksatsinga i Bergen er enorm og blei på mange måtar eitt av mange flotte punktum for Oddny sitt bypolitiske engasjement.
Noregs Mållag har mykje å takke deg for, Oddny. Gratulerer med 70 års-dagen din.