aktuelt

Offensivt arbeidsprogram og kamp for sidemålet

Landsmøtet i Noregs Mållag 2022, med Solveig Brunvoll frå Juristmållaget i midten

Det er eit rekordstort Noregs Mållag som samlar seg til landsmøte på Gardermoen fyrstkomande helg, 24.–26. april. Noregs Mållag har det høgste medlemstalet på 40 år, heile 16 456 medlemer!

No siktar Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, høgare. Han er allereie den lengstsitjande mållagsleiaren nokon sinne, og tek attval for to nye år. No vil han ikkje berre ha fleire medlemer i Mållaget, han vil ha fleire nynorskbrukarar.

– Vi ynskjer å setje eit mål for språkpolitikken i Noreg om å kome opp i éin million nynorskbrukarar innan 2050, fortel Peder Lofnes Hauge. I dag reknar ein med at det er om lag 5–600 000 folk i Noreg som brukar nynorsk i kvardagen. 

– Eg er inspirert av språkpolitikken i Wales. Dei har eit mål om éin million walisisktalande innan 2050, og dei jobbar systematisk og langsiktig for å nå det. Språkpolitikken der er tydeleg og offensiv. Får dei det til i Wales, må vi òg kunne få det til i Noreg, seier Peder Lofnes Hauge. 

Han meiner at utgangspunktet for nynorsken er godt. I verdssamanheng er det eitt av dei større språka.

– I det nye arbeidsprogrammet Vegen mot Noreg 2050 skisserer vi ikkje berre kva vi skal gjere dei neste åra, men vi peikar på kva språksamfunn vi vil ha i Noreg i 2050, og korleis vi skal kome oss dit, seier Lofnes Hauge.

Ei anna viktig sak denne helga blir å stå opp for sidemålsordninga i skulen. Regjeringa vurderer karakterreduksjon i norskfaget, og Noregs Mållag vil åtvare mot å setje sidemålskarakteren i spel.– I dagens skule er karakterane svært undervisningsstyrande. Om det ikkje  er karakter, blir ikkje arbeidet med sidemål prioritert av verken lærarar eller elevar, seier Lofnes Hauge.

– Vi opplever ein lyttande statsråd og kjenner oss trygge på at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) vil nynorsken vel. Men bodskapen frå dette landsmøtet til regjeringa vil vere klokkeklart: Sidemålskarakteren er avgjerande viktig for nynorsken sin plass i skulen, og såleis i samfunnet, slår Peder Lofnes Hauge fast.

Les om landsmøtet i Noregs Mållag: https://www.nm.no/landsmote-2026/