Olaf Almenningen (1947-2025)
Denne veka gjekk Olaf Almenningen ut av tida. Det kom uventa på oss. Olaf Almenningen har gjennom eit langt liv gjort mykje godt målarbeid. På landsmøtet i 2018 vart han utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag.
Olaf vart tidleg målmann. Fyrst på Voss sitt juniorlag i fotball, som mellom andre bragder slo Os i ein viktig kamp i 1963. I den kampen skulle Olaf sine evner som målmann bli avgjerande, ifølgje eit intervju i Norsk Tidend. Seinare vart han formann i elevmållaget på Voss Gymnas, og då han byrja å studere ved Universitetet i Bergen i 1966, vart han raskt aktiv i Studentmållaget der. Då var studentmållaget ein av dei verkeleg store organisasjonane i studentmiljøet, og det var mykje aktivitet, energi og sjølvtillit i laget.
Frå 1972 til 1973 var Olaf nestleiar i Norsk Målungdom, og i 1976 var han dagleg leiar i Noregs Mållag, berre 29 år gamal. Denne stillinga hadde han i ti år med nokre studiepermisjonar innimellom. På studiet skreiv han hovudfagsoppgåva Målstrev og målvokster om framveksten av målrørsla frå 1905 til 1913. Oppgåva vart gjeven ut på Samlaget i 1984.
Etter Mållaget vart Olaf Almenningen tilsett som redaktør i Norsk Ordbok, ei stilling han hadde fram til 2016, og i 2008 vart han utnemnd til professor i nordisk målvitskap ved Universitetet i Oslo.
Som skrivar hadde Olaf ord på seg for å vere ryddig, flink til å forstå alle partar og lojal. Og det kom nok godt med. Han var dagleg leiar i nokre av dei åra som har vore mest konfliktfylte i Mållaget. Olaf var kunnskapsrik, vidsynt og hadde eit strålande godt humør. Det var ekstra viktig, når det vart vel mykje splid og strid.
I tida hans i Mållaget var han med på å vinne kampen for å få lovfesta krav til språklege parallellutgåver for læremiddel, og Mållaget har aldri hatt høgre medlemstal enn i hans tid. I 1984 fekk han regjering og Storting med på å få tilbake ordninga frå før 1971, der heile skulemålskrinsen fekk røyste i skulemålsrøystingar, ikkje berre foreldra eller føresette. Argumentasjonen for det er at språket i skulen påverkar språkutviklinga i heile lokalsamfunnet. Dette arbeidet vart svært viktig for den vidare språkutviklinga i skulen.
For oss som tek stafettpinnen vidare etter Olaf og alle hans samtidige, har det alltid vore mykje å lære av å slå av ein prat. Men kanskje like viktig: Olaf var aldri med i «vi som aldri gjorde feil og alt var betre før»-klubben. Tvert imot gav han ofte både ros og oppmuntrande og anerkjennande ord til aktive målfolk.
Vi veit kor mykje sosiale medium har å seie for å forme synet vårt på omverda. Olaf Almenningen var ein av dei som forstod dette, og han skreiv stadig kommentarar, innspel og utspel på Facebook der han var med og løfta dei som i dag kjempar for å halde på nynorsken lokalt eller i skulen nasjonalt.
Det er så mykje å takke Olaf for. Når vi på skrivarstova i Mållaget har vore i tvil om noko historisk, så spurde vi gjerne Olaf Almenningen om korleis det var. Det var mykje han visste, som var til god hjelp for oss.
Takk for taket, Olaf!
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag