Utmerkingar og stipend
Kvart år deler Noregs Mållag ut fleire prisar og stipend for godt nynorskarbeid.
Nynorsk barnelitteraturpris
Nynorsk barnelitteraturpris har blitt delt ut sidan 1968. Det er ein eigen jury for barnelitteraturprisen. Prisen er på 30 000 kroner.
Nynorsk litteraturpris
Nynorsk litteraturpris vert delt ut saman med Samlaget og Det Norske Teatret. Denne prisen vart delt ut første gong i 1982. Det er ein eigen jury for litteraturprisen. Prisen er på 30 000 kroner.
Målprisen
Målprisen har blitt delt ut kvart år sidan 2000, og blir gjeven til folk og institusjonar som har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken. Prisen vert delt ut kvart år, og på landsmøtet i Mållaget i landsmøteår. Det er styret i Noregs Mållag som avgjer kven som får utmerkinga.
Målblome
Målblome blir gjeven til folk som har gjort ein god innsats for nynorsken. Det er styret i Noregs Mållag som avgjer kven som får utmerkinga.
Nynorskstipend
Noregs Mållag lyser kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kr, eitt til ei kvinne og eitt til ein mann. Stipenda skal gå til prosjekt som fremjar nynorsk på område der han frå før er lite brukt. Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet.
Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser. Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport innan prosjektåret er slutt. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærare avtale. Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Søknaden må innehalde problemstilling og mål, arbeidsform/metode, tidsplan, budsjett, CV og ev. referansar til tidlegare arbeid. Send søknad og eventuell dokumentasjon til Noregs Mållag.
Heidersmedlemmer
Heidersmedlemskap er den høgste utnemninga til Noregs Mållag, og har sidan 1947 vore gjeven for langt og godt arbeid i og for målrørsla. Utnemninga er for livstid.
Nolevande heidersmedlemer:
- 2018 Olaf Almenningen, Oslo (f. 1947)
- 2018 Oddny Miljeteig, Bergen (f. 1954)
- 2010 Guri Vesaas, Oslo (f. 1939)
- 2006 Marie Lovise Widnes, Hareid (f. 1930)
- 2006 Audun Heskestad, Rælingen (f. 1942)