aktuelt

Opningstale for dei nynorske festspela

Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag. (Foto: Hege Lothe)

Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag, heldt opningstalen for dei nynorske festspela i Aasentunet. Ho tok utgangspunkt i årets emne for festspela «oppgjer».

Gode festspeldeltakarar!

Oppgjer. Det er temaet som går som ein raud tråd gjennom årets festspelprogram. Som lærar vert festspela eit lite avbrekk i terminoppgjeret, der eit heilt skuleår skal summerast opp i eit einaste tal. I går kom skatteoppgjeret. Med ein smell. Nokon i kafeen her skal sikkert ta oppgjeret på kassa når denne festspeldagen er omme. Alt dette er den typen oppgjer der ein berre kan setje strek og verte ferdig med det på relativt kort tid, men det er ikkje denne typen oppgjer det skal handle om her. Det er dei større, meir komplekse oppgjera i tydinga å ta eit oppgjer med noko eller nokon, eller ein strid.

Felles for mange av dei oppgjera som på ein eller annan måte vert løfta fram i festspelprogrammet, er gjerne skeive maktforhold. Ein konflikt mellom eit fleirtal og eit mindretal. Den sterke og den svakare parten. Uavhengig av kva eller kven det dreiar seg om, er dynamikken i eit skeivt maktforhold som regel den same. At eit mindretal, på grunn av måten ein vert møtt på, alltid vil vere medvite om at det er nettopp det: eit mindretal eller den svakare parten. På den andre sida er fleirtalet, den sterkare parten, sjeldan medviten om at han er det på same måte som mindretalet er, og ser difor ikkje problemet eller vil ikkje sjå det. For å skape endring, for å få slutt på urett og oppnå rettferd, må det ofte eit oppgjer til. Det kan vere seig materie, og det krev både vilje, engasjement og uthald.

Når folk kjem hit til Aasen-tunet for å lære om Ivar Aasen og livsverket hans, får dei mellom anna sjå filmen om livet hans frå vogge til grav, der Vesaas sitt kjende dikt om Aasen fortel kva me har å takke Aasen for:

Det går mangt eit menneske
og ser seg fritt i kring
for Ivar Aasens skuld
– den stille og vise
nedbrytaren av grenser,
den rolege og sikre
oppbyggaren i eit folk
.

Bryte ned grenser og byggje opp eit folk. I eit oppgjer er det ofte det som må til. Det var nettopp det Aasen gjorde, og nynorsken i seg sjølv er på mange måtar eit oppgjer med sentralmakt og styringselite. Eit motkulturelt språk og eit demokratisk prosjekt for å gje folket eit språk dei kunne identifisere seg med og såleis kunne ta del i samfunnet.

Språket måtte byggjast nedanfrå og opp, og av Aasens livsverk voks det eit språk som er vårt eige. Men me veit så inderleg godt at det skulle meir til for å føre det sterke grunnlaget etter Aasen vidare. For å få ta språket i bruk, bli møtt med språket som er vårt og kunne sjå oss endå friare ikring. Med jamstillingsvedtaket frå 1885 vart bokmål og nynorsk offisielt likestilte, men i dag, 137 år seinare, veit me at den likestillinga berre finst på papiret og ikkje i praksis. Dei rettane som har blitt kjempa fram gjennom alle desse åra, må me framleis kjempe for å få oppfylt, og skal likestillinga verte reell, må også fleire rettar kjempast fram. Kvar dag tek me små og store oppgjer med både direkte hat, dårlege haldningar og ikkje minst likesæle for å hevde retten til språket vårt. For at det skal bli like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar.

Det er lett å verte motlaus når ein ser det slik. Så mange år med målstrid, men framleis ikkje i mål. Framleis så mange oppgjer å ta. Ein må likevel ikkje gløyme dei viktige stega på vegen hit, både dei små og store.

I skildringane av Aasen er det ved fleire høve den stille, men stødige framgangen som vert trekt fram. Den stille og vise nedbrytaren av grenser. I teksten Ivar Aasen i kvardagslaget trekkjer Anders Hovden også fram Aasen si stillfarande, men sterke ånd som styrken til målvoksteren:

«Sume hev hæda songen: «Dei vil alltid klaga» og mest dette verset: «Lat det ganga fram, lat det siga». Slike folk vil helst ha framgangen i bråbyks og skippartak. Dei trur på stormen, men gløymer at det er den stille vårlufti som umskaper jordi. Det hev nett vore styrken til målvoksteren at me hev havt Aasens stillfarande, men sterke ånd i han. Det som skal røta seg djupt og veksa seg veldigt, må nett eiga denne logne, jamne gror, liksom storeiki, ho er etla liv i 1000 år».

Det som skal gro godt og vekse seg stort, krev tid. Det krev uthald, og det krev at me ser dei to stega me har gått fram når me kanskje vert nøydde til å ta eitt steg tilbake, eller at det kjennest som om me står stille. Og at me alltid går mot målet.

I oktober i fjor var det 50 år sidan dei fyrste store læremiddelaksjonane. Nynorskelevar og nynorsksympatisørar over heile landet fått nok. Dei hadde fått nok av å ikkje få lærebøkene sine på sitt eige språk. Dei hadde fått nok av språkleg diskriminering. Dei mobiliserte til aksjon, og over 30 000 elevar frå Harstad i nord til Kristiansand i sør stod i lag om det same kravet: Me krev læremiddel på nynorsk no! Aksjonane førte fram, og etter nokre år kom lova som seier at læremiddel skal kome både på nynorsk og bokmål til same tid og same pris.

I dag, 51 år seinare, er kravet det same. Trass i eit lovverk som skal sikre at elevane får læremiddel på eige språk, er situasjonen for nynorskelevane kritisk. År etter år kjem nynorskbøkene for seint frå forlaga, og det er nynorskelevane det går utover. I ein meir digital skulekvardag vert nye program, appar og nettressursar tekne i bruk utan at dei finst på nynorsk. Igjen er det nynorskelevane som må ta støyten.

Når over 50 år er gått, og kravet er det same, kan det kjennast som stillstand, og ein kan gløyme å sjå den framgangen som har vore. Sjølv om det er langt att, førte aksjonane den gongen fram, og ein fekk ein viktig rett og eit lovvedtak som førte til endring. På 50-årsmarkeringa for læremiddelaksjonane ved Øystese gymnas, der det heile starta, heldt Oddny Miljeteig, som er heidersmedlem i Noregs Mållag, ein sterk appell. Ho var med på aksjonane for 50 år sidan, og ho peikte nettopp på dette med dei kloke orda at som målmenneske må me vere utolmodige, men uthaldande.

Med ei ny opplæringslov på veg, treng me eit oppgjer med den uretten som nynorskelevane vert utsette for, og då er det på høg tid med ei lov som er klinkande klar på at alle læremiddel som blir brukt i skulen må finnast på nynorsk, slik at nynorskelevane får like god opplæring i språket sitt som bokmålselevane får.

1. januar i år tok språklova til å gjelde. Ein viktig siger med den nye lova, er at ho anerkjenner at det er eit skeivt maktforhold mellom nynorsk og bokmål, og at det offentlege difor har eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk. Eit viktig steg på vegen mot reell likestilling. Skal ein oppnå reell likestilling, kan ein ikkje behandle språka som om dei er likestilte, men ut ifrå eit mål om at dei skal bli det, og difor må ein ta særleg ansvar for det minst brukte av dei to. Dette gjeld ikkje berre forholdet mellom nynorsk og bokmål, men det er noko som alltid vil gjelde i forholdet mellom eit fleirtal og eit mindretal. Lyfte fram mindretalet. Asymmetri for å skape symmetri.

Sjølv om alle konfliktar og oppgjer er ulike og bør sjåast på og løysast på ulike måtar, er det ein styrke å finne fram til det som er felles for dei, sjå parallellane og drage nytte av dei.

Anders Hovden avsluttar teksten Ivar Aasen i kvardagslaget med ei oppmoding om å vandre fram mot målet i jamn framgangstakt, ubøyelege og sigervisse.Og heilt til slutt siterer han diktet me kan sjå innhøgd i bautaen her nede når me skal leggje kransen på etterpå. Aasen sine eigne ord frå diktet Haraldshaugen:

Fram daa, Frendar,
i fredlege Kappstig!
rette det, som rengt er,
reise det, som velt er;
byggje og bøte
med Bot, som duger;
gjere Verk, som vara,
til Verdi øydest.

Gode festspeldagar!