aktuelt

Oppfølging av opplæringslova

Foto: Kristianne Marøy

Den nye opplæringslova forsterkar dei digitale utfordringane for nynorskelevane. Mange nynorskelevar har ein digital skulekvardag der bokmål dominerer. Det går utover kvaliteten på lese- og skriveopplæringa, og bryt retten til opplæring på eige språk.

Storparten av appar og program elevane brukar på skulen, er ikkje rekna som læremiddel, men som mindre læringsressursar. Dei fell såleis utanom kravet om språklege parallellversjonar. Då Stortinget i fjor vedtok ny opplæringslov, var eitt av hovudkrava frå ei samla målrørsle at det skulle vere krav om nynorskversjon av digitale læringsressursar som er utvikla for bruk i skulen. 

Mållaget fekk ikkje gjennomslag, men regjeringa fekk i oppdrag frå Stortinget å gjennomføre ei kunnskapsinnhenting om omfanget av digitale læringsressursar som ikkje finst på nynorsk. Utdanningsdirektoratet (Udir) har fått oppdraget frå Kunnskapsdepartementet, og skal levere rapporten først i desember 2025.

Ein slik rapport må vise kor mykje nynorsk nynorskelevane får sjå og lese gjennom ein skuledag. Det blir avgjerande å hente innspel frå lærarane, som ofte er dei som plukkar ut og vel materiell, ressursar og læremiddel. Dei veit også korleis desse vert brukte i klasserommet. Det er nynorskelevane som kan seie noko om korleis dei opplever ein skulekvardag med læringsressursar på bokmål. Nynorskelevane si stemme  må bli høyrt og deira beste må bli tillagt vekt i avgjerda, slik at nynorskelevane får oppfylt retten til opplæring på eige språk.

Noregs Mållag meiner Udir i denne samanhengen bør lage ei kvalitetssikra liste over godkjende læremiddel/ læringsressursar/ læringsplattformer som finst på både nynorsk og bokmål.

Det må òg gjerast ei utgreiing av digitale læringsressursar for lærlingar. I dag tilsavarer slike ressursar i stor grad lærebøkene på mange lærefag, og mange av desse kurspakkane er utvikla av Norsk Industri. Opplæringskontor i nynorskområda Haram og Nordfjord opplyser at hovudregelen er at desse berre finst på bokmål. Nynorskbrukande yrkesfagelevar og lærlingar skal ha like god språkopplæring som bokmålsbrukarane. 

Landsmøtet i Noregs Mållag ventar at det blir gjort eit raskt, men grundig arbeid, slik at den reelle situasjonen i klasserommet kjem fram. Når situasjonen er kartlagd, ventar vi at regjeringa og Stortinget sørgjer for å lovfeste nynorskkravet så fort som råd er. Sårbare nynorskelevar har allereie mista verdifull tid på rikspolitisk sommel.