Læremiddel

Nynorskelevar får ofte læremidla sine seinare enn bokmålselevar, sjølv om lovverket seier at læremiddel skal ligge føre på både bokmål og nynorsk til same tid og til same pris. Med inntoget av digitale læremiddel har dette forverra seg, og mange digitale læremiddel som vert brukte i skulen, finst berre på bokmål. Digitale læremiddel og læringsplattformer på nynorsk er ei av dei viktigaste sakene for Noregs Mållag.

Noregs Mållag meiner:

  • Definisjonen i opplæringslova av kva eit læremiddel er, må femne om meir, slik at skuleeigar ikkje kan fylle skulekvardagen til nynorskelevane med digitale læringsressursar på bokmål og engelsk.
  • Skuleeigar må ta ansvar for å kjøpe inn og bruke digitale læringsverktøy som finst på nynorsk. Skuleeigar må òg sikre at nynorskversjonen vert brukt. Hovudmålet til eleven skal vere standardinnstilling på alle digitale læremiddel og læringsverktøy.
  • Det må finnast ei kvalitetssikra liste over digitale læremiddel som finst på både nynorsk og bokmål.
  • Det skal gå minst eitt år frå ein læreplan vert vedteken, til han vert innført, slik at forlaga får god nok tid til å produsere både nynorsk- og bokmålsbøker.
  • Retten foreldre har til å be om bokmålsbøker til nynorskelevane i andre fag enn norsk, må opphevast.
  • Språkdelte bøker i norskfaget skal ikkje ha overvekt av bokmål. Ei eventuell skeivfordeling må vere i favør av nynorsk.

Det er ein skandale at nynorskelevar må lære seg å skrive i program som gjev dei raude strekar under ord dei skriv rett.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag