Påstandar om sidemål
Her finn du svar på ei rekkje påstandar og spørsmål om sidemål og nynorsk.
I verda har vi nokre kjempestore språk, og veldig mange heilt passe store språk. I denne kategorien finn ein både nynorsk og bokmål. Nynorsk er ikkje eit lite språk. Det er ca. 7000 språk i verda, og av desse er nynorsk blant dei 200 største. 5000 av språka har under 100 000 brukarar. For nynorsk reknar vi at om lag 6–700 000 nordmenn har nynorsk som sitt førstespråk.
Nynorsk har cirka dobbelt så mange brukarar som det bur folk på Island, og det er omtrent like mange nynorskbrukarar som det finst walisiskbrukarar. Det er litt færre nynorskingar enn det finst baskiskbrukarar, men det er veldig mange fleire enn det finst brukarar av retoromansk, som er eit jamstilt og offisielt statsspråk i Sveits.
Vitskapeleg/fagleg er det ikkje rett. Den vitskapelege vanskegraden til eit språk finn ein fram til gjennom ordtilfang, bøyingsformer, staving osv. Men når vi snakkar om at eit språk er vanskeleg, er det ei subjektiv kjensle, som t.d. er avhengig av når ein byrja å lære det og kor mykje og kor god opplæring ein har fått. Eit døme på eit språk som eigentleg er ganske vanskeleg, men ein likevel ofte lærer lett i Noreg er engelsk.
Altså kan ein ha rett når ein seier at ein synest nynorsk er vanskelegare enn bokmål, men det er ikkje slik at det objektivt sett er det. Og viktigast av alt, for alle språk: Det blir lettare dess meir ein ser og høyrer det. Eksponering tidleg er avgjerande viktig.
Dette har folk spådd heilt sidan nynorsken vart til. Men sanninga er at nynorsk er eit sterkt og robust språk som ikkje viser nokon teikn til å døy ut. Av 7000 språk i verda er nynorsk blant dei 200 største. Når ein vurderer om eit språk er kritisk truga, opererer ein gjerne med ei grense på 100 000 brukarar. Nynorsk er langt over dette. Nynorsk har også godt vern i lovverk. Det er eit offisielt norsk språk, likestilt med bokmål, alle elevar får lære det og det er krav om bruk i offentlege organ. Språket er nasjonalt og institusjonalisert. Nynorsk gjer det godt som språk i litteratur og populærmusikk.
Ein får bruk for nynorsk. Ein halv million arbeidsplassar krev at du kan nynorsk. Veit du kvar du kjem til å arbeide resten av livet?
Sjølv om ein veks opp med bokmål rundt seg, betyr ikkje det at slik vil det alltid vere. Ein kan bli jurist og måtte handtere og arbeide med nynorsk lovverk. Eller jobbe med PR og kommunikasjon og få kundar som ventar at du kan nynorsk. Kanskje du skal revidere ein rekneskap for ei nynorsk bedrift. Du kan få jobb på ein skule i ein nynorskkommune, eller få nynorskelevar i ein klasse. Blir ein norsklærar, må ein kunne undervise i både bokmål og nynorsk. Lista er lang. Det er ikkje slik at det berre er “jobb i staten” som krev at du meistrar nynorsk, fordi du t.d. skal svare innbyggjarane på det språket dei brukar. Det er ganske mange hundre tusen arbeidsplassar som krev at du kan skrive nynorsk.
På grunn av digitaliseringa finst det auka etterspurnad etter nynorsk- og språkkompetanse. Det handlar ikkje berre om instrumentell eller økonomisk nytte, men om kultur, identitet, nasjon og sjølvstende. Norsk hadde ikkje vore det det var i dag utan nynorsk, og utan språkstriden. Det er og blir verande ein viktig del av norsk historie og kultur.
Det handlar også om medborgarskap. Kan ein velje å sjå bort frå eit språk 600 000 mennesker nyttar? Lever ein eit liv fritt for nynorsk, er det nok fordi ein gjer det vanskeleg å vere nynorskbrukar rundt seg.
Det finst inga forsking som kan kople sidemålsopplæring til lese- og skrivevanskar: Faktisk seier forsking at språkkunnskap avlar meir språkkunnskap. Ei ekspertgruppe frå Europarådet har i staden peika på den norske fleirspråkssituasjonen som eit gode for ålmenn språklæring.
Framandspråklege elevar kan alt i dag få fritak frå sidemålsundervisning, dersom det er fagleg grunnlag for det.
Forsøk frå Holmlia skole viser at framandspråklege elevar lærer sidemålet like lett som norskspråklege elevar, så lenge undervisningsopplegget held mål. Ny forsking syner dessutan at framandspråklege som lærer seg nynorsk, forstår norske dialektar betre.
Alle som har fagleg grunnlag for det, får fritak frå sidemålsundervisninga slik regelverket er i dag. Ein skjermar ikkje noka ny gruppe med å fjerne sidemål eller å gjere det valfritt.
Å ikkje lære nynorsk vil ikkje gje betre faglege resultat. Valfritt sidemål ville sikkert gjort at dei som valde å ha sidemål, var motiverte for det. Men sidemål er ikkje ein del av norskfaget fordi det kanskje er litt interessant for nokon. Vi har hovudmål og sidemål slik at alle skal lære både nynorsk og bokmål, slik at språka kan vere jamstilte og alle sjølv kan velje kva dei vil skrive. Betre fagleg resultat kan ein få gjennom ei sterkare opplæring i sidemål.
Norsk skule er ein karakterstyrt skule. Elevane jobbar for gode karakterar, og lærarane prioriterer undervisninga etter kva som skal bli vurdert med karakter. Det er ingenting som tyder på at elevane blir meir motiverte til å lære seg sidemålet sitt, om dei ikkje får karakter i det. Det er heller ingen teikn til at lærarane ville brukt meir tid på sidemålsopplæring, om det ikkje var ein karakter i faget.
Norsk er det største faget i norsk skule. I grunnskulen er kvar femte time på skulen ein norsktime. På studiespesialiserande med realfag er 16 prosent av timane norsktimar. 17 prosent av standpunktkarakterane til ein vidaregåande elev med det normale 10 fellesfag og 6 programfag, vil vere norskkarakterar. Karaktermengda i norsk speglar godt omfanget av faget.
Sidemålskarakteren viser fram ein kompetanse eleven har brukt masse tid på. Å ta han vekk ville vore urettferdig i den samanhengen.
Ein reddar ikkje norsk ved å kvitte seg med ein del av det norske språket.
SMS-språket er verken bra eller dårleg. For å kunne skrive SMS-språk må ein fyrst kunne skrive rett. Det er bra at ungdomen leikar seg med språket – det gjer dei betre som språkbrukarar. Difor er ikkje SMS-språket noko trugsmål mot norsk. Norsk står best rusta mot engelsk gjennom å styrkje norsk språk på alle område. Vi treng politikarar som tek ansvar for språka våre og driv god språkpolitikk.
Læreplanverket slår fast at skriving og lesing er grunnleggjande ferdigheiter alle skal lære seg. Norskopplæringa med hovudmål og sidemål er ein sentral del av denne opplæringa. Gjennom å lære nynorsk som hovudmål eller sidemål aukar ein kompetansen ein har i skriving og lesing. Det er ikkje gammaldags å halde på nynorsk som obligatorisk fag, det er ein sentral del av danninga skulen skal drive med.