aktuelt

På høg tid med nynorsk i Visit Norway

Landsmøtet i Noregs Mållag 2022, med Solveig Brunvoll frå Juristmållaget i midten

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner departementet må stille språkkrav i tråd med språklova, og auke nynorskdelen på heimesidene til Visit Norway.

Nettsida Visit Norway er den offisielle reiseguiden som Innovasjon Noreg har utvikla på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet. Visit Norway er ei storsatsing som skal gjere det enkelt å reise i Noreg, og inneheld tusenvis av oppføringar frå lokale reiseverksemder.

Reiselivssatsinga Visit Norway er betalt av staten, og det er svært påfallande at det ikkje er redaksjonelt innhald på nynorsk. Nynorsk finn du fyrst når du har klikka deg inn på enkelte reiselivsverksemder som presenterer seg på nynorsk. Alle veit at nynorskområda er svært attraktive og populære reisemål. La difor denne reisa også bli ei språkleg reise i Noreg.

Føremålet med den nye språklova er nettopp å fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk. Dette oppdraget har heile staten, og no er det på tide at Nærings- og fiskeridepartementet tek språkleg ansvar og gjev Innovasjon Noreg og Visit Norway eit nynorskoppdrag. 

Nettsida til Visit Norway bør fordele teksten mellom nynorsk og bokmål, og alle annonsane i avisene og TV som blir betalt av oss alle, bør ha same språkdelinga.

Fråsegn vedteken på landsmøtet til Noregs Mållag 3. april 2022.