På veg mot mellomtida
Byung-Chul Han forkynner ein utveg frå utmatting til leik.
Byung-Chul Han:
Utmattingssamfunnet
Slow Fire Press, Oslo 2026
Omsett frå tysk av Runa Kvalsund
Det har til no kome mest skjønnlitteratur frå Slow Fire Press, kjøkenbenkforlaget drive av David Aasen, sidan oppstarten i 2007. Først i seinare år har hyppigheita teke seg opp til fleire publikasjonar i året, og i 2026 ser det ut til at forlaget vil ta på seg eit ansvar få andre tek: å gjeva ut filosofi på nynorsk. Fyrste tittel ut er essayet Müdigkeitsgesellschaft, skrive av Byung-Chul Han i 2010. På norsk har det fått tittelen Utmattingssamfunnet. Han er koreansk av fødsel, men har sidan 80-talet budd i Tyskland, og skriv fast på tysk.
Boka er knapp, med korte kapittel, og er skriven i ein tilskoren, men likevel ikkje heilt direkte stil. Ho søkjer, i gjennomgåande dialog med fleire ulike tenkjarar, å argumentere for ei tilsynelatande enkel tese: I det vestlege samfunnet vert me utbrende og ulykkelege ikkje på grunn av ytre hindringar, men på grunn av den indre tråa etter å bli den beste utgåva av oss sjølve. For å skildre utviklinga frå det gamle kontrollsamfunnet, som Han meiner me har flytta oss vidare frå, nyttar han omgrepsparet negativitet og positivitet, som slektar på den negative og positive fridomen frå statskunna. I Vesten er me omringa av for mykje positivitet – det er for mykje som er mogleg, og frå eit overskot av positivitet kjem vår tids sjeleplager: depresjon, ADHD og utbrentheit. Han skriv: «Om ein berre har positiv potens, vil ein vere passivt prisgitt objektet. Hyperaktivitet er paradoksalt nok ei svært passiv handlingsform som ikkje tillet fri handling, og som spring ut av ei einsidig absoluttering av positiv potens.»
Byung-Chul Han set seg i samanheng med mange tenkjarar som har freista kategorisere samfunnsforma me lever under, frå Herman Melville og Hannah Arendt fram til Michel Foucault og Giorgio Agamben. Heile vegen er Han utprega kritisk, til tider krass, og ute etter raskt å identifisere kva det er desse tenkjarane har fått rett, og kor dei misforstår samfunnsutviklinga. Denne forma er eigna til å skjera til tesen raskt, ved å skilja han av frå tilstøytande teoriar, men ho kan samstundes gje eit noko forhasta og omtrentleg preg, der Han sjeldan verkar interessert i å dvelja ved poenga sine. I staden hastar han vidare i eit tempo som raskt kan koma til å reflektere sjølve innhaldet i teksten.
Argumentasjonsrekkja i essayet får seg eit skot for baugen allereie i fyrste kapittel, der resonnementet delvis er bygd på at me ikkje lever i ein «viral tidsalder», men at vi har «lagt denne bak oss». Han kunne ikkje føresjå (kunne nokon, eigentleg?) den lammande krafta i koronapandemien, men heldigvis står essayet rimeleg støtt sjølv om ein ser vekk frå dette og nokre andre feilskjer.
Også i siste kapittel, der Han freistar finne vidare frå den knuande positiviteten det vestlege mennesket lever under, er han knapp med orda. Likevel ligg det ein visjon her: «Den utbrende utmattinga er ei utmatting med positiv potens. Ho gjer ein ute av stand til å gjere noko. Utmattinga som inspirerer, er ei utmatting med negativ potens, nemleg til ikkje-å». I den etter kvart rimeleg religiøse konklusjonen forkynner Han altså ikkje ein veg utanom uføret, men ein alternativ veg gjennom, der dei utmatta subjekta gjev slepp på individualiteten i ein felles rytme der «mellomtida» får plass.
Utgjevinga er utstyrt med eit flott introduksjonsessay av Fredrik Wilhelmsen, og omsetjinga til Runa Kvalsund kan det ikkje vera stort å utsetja på. Filosofi på nynorsk er ikkje berre etterlyst, det er også vellykka.