aktuelt

Parentesen mellom revolusjonar

Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum. Foto: Nynorsk kultursentrum

Innleiing før drøfting av prinsipprogrammet på landsmøtet i Noregs Mållag, 1. april 2022. Av Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur.

Noregs Mållag har bede meg måle eit større bilete om prinsipp og målrørsle. Det er dette eit forsøk på.

Kan du høyre folket syng?

Det er ein song for arge menn

Det er musikk frå dei som aldri vil ha slavetog igjen

Når ditt eige hjarte slår i same takt som trommeslag

Det er ein start på eit nytt liv når det gryr av dag

Vil du følgje oss i kamp? Vil du bli med å gå i strid?

Bak barrikaden ventar det ei verd som kan bli di

Så bli med å slåss; det kan gje deg ei verd som er fri![1]

Eg opnar med taktfast lesnad av eit omsett musikalvers frå den musikalen og romanen som når høgdepunktet med det elles lite kjende junioppgjeret i Paris i 1832. Handlinga til dei bannstøytte i Les Miserables er ikkje lagd til ein av dei franske revolusjonane. Handlinga går føre seg i eit oppgjer utan særleg politisk resultat mellom desse store revolusjonane. Kan dette illustrere målrørsla? Er målrørsla ein parentes mellom grunnlov og unionsoppløysing; eit skrik om fridom som vert iscenesett, men gløymd som politisk prinsipp og mål?

Folket syng og dei går til strid, men dei tapar. Det er ikkje den første song dei høyre fekk, men kanskje er det den siste; det siste hjarteslaget for ein demokratisk kamp, for ein kulturkamp. Den tidlege målrørsla var ei norskdomsrørsle. I dag skriv me ho ofte inn i ein tradisjon for folkestyre, demokratisering og mangfald, som på mange vis kan vere ei riktig framstilling. Ivar Aasen skriv som 23-åring i «Om vort skriftsprog» at:

Efterat vort Fædreneland atter er blevet hvad det engang var, nemlig frit og selvstændigt, maa det være os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke.

            Teksten vert først publisert i 1909, men er like framt ein illustrasjon på at den tidlege målrørsla er ei nasjonal frigjeringsrørsle. Ein fri og sjølvstendig nasjon treng eit eige kulturuttrykk, og språket er kjernen i dette. Det er denne nasjonaldemokratiske rørsla både ungdomslag og mållag kjem ut av, sjølv om mykje kan tyde på at ungdomslagsleiinga har gløymt det når nynorsk ikkje lenger skal vere ein sentral markør ved organisasjonen. Eg skal ikkje gå vidare i det poenget utover å seie at utan prinsipp og mål, mistar ein lett både verdi, identitet og sjølvstende.

Mykje i det nynorske idégrunnlaget har vunne terreng, og det er noko me i nynorskrørsla bør feire og vere stolte av. Bruken av variert talemål i offentlege samanhengar, frå klasserom til stortingstalarstol, hadde truleg vore annleis utan vår rørsle og våre verdiar. Bokmålet har nok òg vorte meir folkeleg i språkføringa og norsk i ordtilfanget av nynorskrørsla. Våre gjennomslag har gjort motstandarane mindre farlege og framande, og kanskje har det delvis gjort nynorskbruken mindre. Samstundes har det endra Noreg til eit meir inkluderande, demokratisk og folkeleg samfunn. Utan rørsla vår hadde skrifta til alle nordmenn vore annleis.

Også på desse områda kor det er mykje vunne, er det framleis meir å vinne. Dialektbruken er kraftig redusert ulike stader i landet. Det er framleis ei uformell og praktisk rangering av munnlege talemål som mindreverdige andre som hindrar mange i å bruke sitt eige talemål i fleire samanhengar. Det gjer at kampen for det munnlege språkmangfaldet må halde fram. Det er nok eit døme på at ideane våre trengst for å sikre ei god utvikling av det norske samfunnet. Både av di verdiane i seg sjølve er viktige, og fordi dei dannar grunnlaget for hovudprosjektet: eit nynorsk skriftspråk.

For det er idear og identitetsmerke som fører til eit nynorsk skriftspråk. Eit avgjerande poeng for Ivar Aasen, og nynorskrørsla, er at språket ikkje skulle ta utgangspunkt i éi dialekt frå eitt geografisk område og eitt sosialt sjikt. Ivar Aasen held fram:

Det er ikke min Hensigt hermed at fremhæve nogen enkelt af vore Dialekter; nei, ingen saadan bør være Hovedsprog, men dette skulde være en Sammenligning af, et Grundlag for dem Alle.

            Og her ligg det jo eit ideologisk utgangspunkt, som vil vere annleis formulert i dag, men ha same kjernen: Nynorsk er konkretiseringa av at ein kan vere ulike i lag. Skriftspråket vårt hyllar mangfaldet og skapar ein fellesskap for det. Nynorsk gir eit rom for å vere ulike i lag.

Det er her me i dag skil oss lengst frå den tause norske språklege majoriteten. Der er det normerte skriftspråket tydeleg basert på eitt geografisk område og for så vidt på eitt eller få sosiale sjikt. Spør du meg, er det her det er mest tapt terreng for det nynorske, og det er her det er mest å vinne. Det er jo i dette målet kjernen hjå oss ligg: eit nynorsk skriftspråk der me kan vere ulike i lag. Det er her det er viktig at me ikkje er ein parentes mellom revolusjonar, men ei kraft som over tid endrar og verkar inn på historia.

For kva ligg til grunn for målreising i tida som kjem? Kva er det som sørgjer for at tradisjon og mål om folkestyre når fram til nye generasjonar i heile landet? Nynorskrørsla er tydeleg på at språkpolitikk er eit offentleg ansvar. Det offentlege skal både som førebilete og igangsetjar fremme språka Noreg har ansvar for. Å sikre nynorsk tilgjengeleg for flest mogleg over heile landet på alle domene, inkludert skule og media, må vere sentralt for ei målrørsle som bør ha prinsipp som mogleggjer mål om framgang.

Nynorsk er eit allmennspråk. Det er difor det er provoserande at nynorskmangelen er stor i store delar av dagspressa og næringslivet. Det er difor det er provoserande at det er greitt for nokon å seie at nynorsk er fint i dikt. Ja, det er det, men det er også fint i pakningsvedlegg, på åtvaringsskilt og mjølkekartongen.

Som Les Miserables har kunsten gjort nynorsken godt. Songane, dikta, romanane, barneforteljingane, teaterstykka har gjort nynorsk til ein uløyseleg del av norsk kultur og historie. På mange vis gir denne styrken oss krafta til å synleggjere dei andre behova for å sikre nynorsk språk og litteratur. Utan at nynorsk er tilgjengeleg i kvardagen, er det heller ingen nynorsk kunst.

Språk som er under særleg press av di dei er i mindretal, treng fleire og andre tiltak enn det dominerande skriftspråket i eit land. Me må difor ikkje vere redde for prinsipp som gjer at me kan og må setje krav til det offentlege, eller for den del til andre.

Det er også det prinsippet som gjer at nynorskrørsla syner solidaritet med andre språklege mindretal i og utanfor Noreg. Det er ikkje å miste syne for vårt mål, men å syne kva prinsipp som ligg til grunn for alt me står for.

Denne framgangen eg drøymer om fordrar ikkje berre eit offentleg ansvar og solidaritet med andre språklege mindretal. Det fordrar også at målrørsla tek språkbrukarane på alvor, og treffer språkbrukarane i den kvardagen dei er i. Difor må både prinsippa, og ikkje minst formuleringa av desse, endre seg over tid for å sikre relevans for dei me skal nå: nynorskbrukarar. Noverande, tidlegare og framtidige.

Det fordrar også raus og open tone oss imellom når det er usemje om vegane til målet, anten det gjeld språknormering eller einskilde politiske kampanjar. Målrørsla bør vere open og raus for eiga usemje. Målet om å vere ulike i lag må også gjelde som organisasjons- og rørslekultur.

Eit avgjerande vanskeleg område for målrørsla er vekta mellom regionalisering og nasjonalisering av tiltak og mål. Nemnda har som mål at nynorsk er meir brukt i heile Noreg, men må også haldast ved like og styrkjast i dei områda av landet er nynorsk i dag er mykje i bruk. Det er ein balansekunst å sikre at nynorsk både står regionalt sterkt og er eit nasjonalt språk. Mykje av verdien ligg i fellesspråket for heile landet, og mykje av bruken er konsentrert i einskilde område.

Viss me skal ta nynorskbrukarane på alvor, kan ei slik geografisk deling mellom heile landet og nokre særlege nynorskområde vere føremålstenleg. Nynorske kvardagar er ein føresetnad for at nynorsk skal vere i bruk kvar dag av fleire. Då må det finnast område, miljø og samfunn der nynorsk er særleg synleg. Når slike område vert truga, trengst det særlege tiltak både i skule, offentleg sektor og samfunn.

Samstundes – og her ligg dilemmaet – er det viktig at nynorskrettar og nynorskbruk ikkje er avgrensa til desse områda, men gjeld i heile kongeriket Noreg. Målrørsla må ta ein diskusjon om kva dette skiljet tyder i praksis, og kor langt ein er villig til å gå i kvar retning? Om tiltaka berre er overordna og nasjonale, vert dei lett tilpassa dei store delane av landet der nynorsk ikkje er særleg synleg. Om tiltaka berre er spesifikke og regionale, vert ikkje nynorsk meir synleg der skriftspråket vårt er minst til stades i dag.

Prinsipp og idear vert ofte forma av truslar mot desse prinsippa. Det ser me i Les Miserables, og det ser me i målrørsla. Eg vil peike på tre store endringar i desse truslane frå tidleg målrørsle til i dag, som ein må ta innover seg i utforminga av målrørsla for framtida:

Heile samfunnet er meir folkeleggjort. Der nynorsk var eit viktig verkemiddel for å redusere sosiale og kulturelle skilnader, er det norske samfunnet i dag meir saumlaust. Det tyder ikkje at nynorskrørsla skal vere blinde for språklege, sosiale og kulturelle hierarki som nett våre prinsipp og vårt skriftspråk kan utjamne, men at delar av prosjektet er nådd. Det offentlege talemålet er norskare og langt meir folkeleg. Tilgangen til skrift, kultur, utdanning og vitskap er langt meir utbreidd, og langt meir tilpassa dei breie målgruppene.

Heile samfunnet er meir urbant. Ørsta, Leirvik og Bryne i dag hadde vore urbane kjerneområde. Og sjølv i det rurale er både det økonomiske, sosiale og kulturelle langt meir urbant, og likt resten av landet, enn skilnadene var då. Ein snakkar om at nynorsken aldri nådde byane. Det er ikkje heilt sant, på noko som helst vis. Det er i bruk i alle norske byar, sjølvsagt, men det er også slik at nynorsk har halde stand der samfunn har gått frå bygdekultur til små bysamfunn. Urbane liv vert levd på nynorsk kvar dag. Det nynorske kan ikkje vere ein opposisjon til ein urban kultur, men eit verkemiddel for maktspreiing på tvers av urbane og rurale miljø i heile landet.

Heile samfunnet er digitalisert. Store delar av det munnlege livet har vorte skriftleg. Og menneske og område er ikkje isolerte frå kvarandre, men bundne i hop av ein verdsvev. Felleskulturen er ikkje nødvendigvis nasjonal, men like gjerne global. Det skapar nye utfordringar for målrørsla. Trusselen mot det norske var ein gong det danske. No er det det engelske som er trusselen mot språka våre i Noreg.

Nokon brukar engelsk-spøkelset som eit argument mot å satse på nynorsk. No må ein prioritere eitt skriftspråk. Men ein sikrar ikkje språkleg mangfald i verda ved å ofre einskildspråk. Tydeleg kulturell identitet og ein språkpolitikk som tek innover seg eit språkdelt norsk samfunn, er avgjerande for nynorsk i framtida. Det meiner eg. Eg trur eg meiner det prinsipielt.

Er nynorsk ein parentes mellom folkelege revolusjonar, folkeleggjort og eviggjort gjennom litteratur og teater, men fortrengt som historisk og politisk kraft? Nei. Nynorsksaka er ikkje ein parentes mellom nasjonale og folkelege revolusjonar. Nokre slag er vunne. Andre er tapte, men dei prinsippa denne rørsla står for, er avgjerande for vidare kulturell og demokratisk utvikling av landet vårt. Noreg hadde vore annleis utan målrørsla, og kjem til å verte annleis om me forsvinn. Det er difor målsak er ei prinsippsak, eit ideologisk prosjekt, ikkje berre ein kulturell fritidssyssel.

Vil du følgje oss i kamp? Vil du bli med å gå i strid?

Bak barrikaden ventar det ei verd som kan bli di

Så bli med å slåss; det kan gje deg ei verd som er fri![2]


[1] Frå «Folket syng». Omsett av Bjørn Endreson (1988) for Det Norske Teatret frå «À la Volonté du Peuple?» i musikalen Les Miserables av Alain Boublil og Jean-Marc Natel.

Les Miserables av Victor Hugo (1862) vart fyrst omsett frå fransk til nynorsk av Idar Handagard i 1933 med tittelen Dei bannstøytte.

[2] Frå «Folket syng». Omsett av Bjørn Endreson (1988) for Det Norske Teatret frå «À la Volonté du Peuple?» i musikalen Les Miserables av Alain Boublil og Jean-Marc Natel.

Les Miserables av Victor Hugo (1862) vart fyrst omsett frå fransk til nynorsk av Idar Handagard i 1933 med tittelen Dei bannstøytte.