aktuelt

Pengedryss på nynorsken i Bergen

Peder Lofnes Hauge
Foto: Tuva Maria Åserud

I revidert bybudsjett for Bergen kjem det 1,7 millionar kroner til styrking av nynorskopplæringa i byen.

Det er klart etter at byrådet (Ap, V, KrF og MDG) har inngått avtale med SV, Raudt og Senterpartiets Steinulf Tungesvik og Stig Torgersen.

 – Dette er heilt strålande! Bystyret følgjer no opp tidlegare gode vedtak med ekte pengar. Dette vil styrkje nynorskopplæringa i Bergen, seier ein godt fornøgd mållagsleiar, Peder Lofnes Hauge.

Dette er tiltaka: 

– Kr 800 000 til ein nynorsk lærarressurs, som skal auke kvaliteten på nynorskopplæringa på skulane i Bergen

· Kr 500 000 til auka pott for innkjøp av nynorsk barne- og ungdomslitteratur i skulebiblioteka

· Kr 200 000 til ein særleg innsats for nynorskelevane i Arna

· Kr 100 000 til klassesett av Framtida Junior

· Kr 100 000 til nynorskkurs for lærarar i Bergen som skal undervise i nynorsk, i regi av LNK

 – Diverre blir det ikkje oppstart av nynorskklasse til hausten. At bystyret har sagt at det skal vere eit fast tilbod i Bergen, uavhengig av minstekrava i opplæringslova, er både visjonært og utan sidestykke i Noreg, seier Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag. 

– Det er synd at vi ikkje kom heilt i mål i år, særleg for dei førsteklassingane som var klare. Vi opplever at Bergen kommune har ei grei forståing av kva dei som skuleeigar må gjere annleis og betre i åra som kjem, for å sikre at all informasjon kjem tidleg nok ut til flest mogleg foreldre med skulestartar i heimen. 

Foto: Jannica Luoto

– Normalt ville ubrukte pengar til eit tiltaket bli flytta over til neste år eller gått til saldering. Difor er vi veldig takksame for at bystyret heller vil finne nye pengar til klasse neste år, og brukar årets pengar på andre gode og verdifulle tiltak for nynorskelevane i Bergen.

 – At bystyrefleirtalet er utolmodige og finn andre nynorsktiltak å bruke pengar på, er gledeleg og vil leggje grunnlaget for at enno fleire vil velje nynorsk for borna sine i åra som kjem. Dette vil vere viktige bidrag til både å halde nynorsken i hevd som opplæringsspråk i Arna spesielt, og for å gjere lærarar og elevar i heile Bergen tryggare i møte med nynorsken.