aktuelt

Pionertiltak for nynorsk i Bergen

Byrådet i Bergen vil gjere det lettare for foreldre å velje nynorsk – og opprettar fast tilbod om nynorskklasse.

I budsjettavtalen med byrådet sikrar Senterpartiet, saman med byrådspartia og SV, midlar til eit fast tilbod om nynorsk parallellklasse i sentrum – uavhengig av kravet om ti elevar.

– Dette er ei historisk satsing på nynorskelevar i Bergen, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. – No håper eg alle foreldre som kan tenkje seg å ha ungane i ein nynorskklasse, melder seg på.

Med jamne mellomrom har foreldre i Bergen forsøkt å få til nynorskklassar i byen, men dette er ein stor og krevjande jobb for foreldra. 

Byrådet vil gjere det langt lettare for foreldra ved å tilby nynorskklasse til dei som ynskjer det for ungane sine, utan at foreldra sjølve må ta jobben med å samle så mange elevar som skal til. Og ikkje minst, utan at foreldra må uroe seg over om ein slik klasse stel ressursar frå skulen.

Etter fleire år med svært positive bystyrevedtak for nynorsk i Bergen, vonar Mållaget at dette budsjettet representerer eit taktskifte for nynorsksatsinga, frå ord til reell handling.

– Dette er ein god dag for nynorsken i Vestlandets hovudstad, og viktige budsjettkroner på vegen mot det politiske målet bystyret har vedteke, at det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Bergen.

I budsjettavtalen ligg det også inne 500.000 kroner til ein søkbar pott for skulebibliotek som vil kjøpe inn nynorsk litteratur, og 750.000 kroner til Det Vestnorske Teateret sitt prosjekt «Heime i nynorsken».