aktuelt

Politiske vedtak frå landsmøtet

Det 101. landsmøtet i Noregs Mållag drøfta dei mest aktuelle politiske målsakene og laga desse vedtaka:

Ny språklov
Noregs Mållag meiner framlegget til ny språklov er ei svekking jamført med dagens mållov. Landsmøtet i Noregs Mållag ber difor Stortinget gjere dei endringane som skal til for at lova ikkje bryt med eige føremål.

Det er fleire gode element i den nye lova, og særleg er det styrkte føremålet svært positivt. At lova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje det minst bruka språket nynorsk, er eit steg på rett veg for ein språkpolitikk som anerkjenner at det er eit skeivt styrketilhøve mellom nynorsk og bokmål.

Det er òg svært positivt at fylkeskommunen no får utvida plikter som vil sikre at nynorskbrukarane vil sjå meir av språket sitt. Men Noregs Mållag skulle helst sett at det var framlegget frå høyringsrunden, der fylkeskommunane hadde alle dei same pliktene som regionale statsorgan, som vart fremma for Stortinget.

Skal lova bli den viktige lova som ambisjonen har vore at ho skal vere, må Stortinget gjere desse endringane:

1. Hald på kravet til skrivekompetanse
Det mest dramatiske med framlegget til ny lov er at lova klart svekkjer kravet til skrivekompetanse i statsorgan. Landsmøtet til Noregs Mållag meiner statsorgan og fylkeskommunar skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk.

2. Kvantifiser vekslinga mellom nynorsk og bokmål hjå nøytrale fylkeskommunar
Det er viktig at vekslinga mellom nynorsk og bokmål i allment tilgjengelege dokument vert kvantifisert, slik at fylkeskommunane har ein prosentdel nynorsk dei skal produsere.

3. Verkeområde må òg gjelde intern sakshandsaming
Om verkeområdet for formålet med lova ikkje skal gjelde intern sakshandsaming, vert det eit paradoks at det einaste språkbruksdomenet i samfunnet der bruk av norsk generelt og nynorsk spesielt tilsynelatande, ikkje får eit lovfesta vern, er i intern sakshandsaming. Om ein tek ordlyden heilt på ordet, må det vere i orden for offentlege organ å ta i bruk engelsk som internt forvaltningsspråk. Føremålet med lova må eksplisitt òg gjelde intern sakshandsaming, men vekslingsreglane mellom bokmål og nynorsk kan vere unnateke for intern sakshandsaming.

4. Klageretten må ikkje bli innsnevra
Klageretten må ikkje bli innsnevra, slik at språkorganisasjonar ikkje blir omfatta av han. Dette vil vere ei innsnevring av høvet til å klage samanlikna med dagens lov.

5. Gje språklova sanksjonar
Noregs Mållag meiner at den nye språklova treng sanksjonar. Språkrådet og Kulturdepartementet har gjentekne gongar peika på brot på språkkrava, utan at det blir retta opp. Noregs Mållag gjer framlegg om bot med ein tidsfrist for å rette på feilen, der feilrettingar i rett tid gjer at bota blir stroken.

***

Digitale læremiddel og kontorstøtteprogram må kome på både nynorsk og bokmål

Det trengst klårare definisjonar av kva som er eit læremiddel. Digitale verktøy som vert nytta regelmessig for å nå kompetansemåla i eit fag, må verte rekna som læremiddel. Nynorskelevane får i stor grad tilbod om digitale læremiddel og kontorstøtteprogram som berre finst på bokmål.

Det same kan seiast om læremiddel og læringsplattformer i norskopplæringa for vaksne med anna morsmål enn norsk, som får opplæring i nynorsk.  Noregs Mållag fekk i 2018 utarbeidd ein rapport som synte at tilgangen til digitale læremiddel var dårleg, og at definisjonane for kva eit læremiddel er i opplæringslova, er så uklar at det er lett for skuleeigar å omgå kravet og ta i bruk læremiddel som berre finst på bokmål.

Når regjeringa no skal utarbeide ei ny opplæringslov, må denne sikre retten til digitale læremiddel, læringsplattformer og kontorstøtteprogram betre enn dagens lov. Unntak frå lova må vurderast og grunngjevast særskilt. Retten til eige språk bør ikkje berre gjelde læremiddel. Retten bør òg gjelde kontorstøtteprogram, læringsplattformer, operativsystem og andre digitale hjelpemiddel som er avgjerande for at nynorskelevar og vaksne med anna morsmål enn norsk, som får opplæring i nynorsk får ei like god opplæring som bokmålselevane på sitt eige opplæringsspråk Utan slike krav til operativsystem og kontorstøtteprogram får nynorskelevane eit dårlegare tilbod.

Norske elevar nyttar i dag skriveprogram og andre kontorstøtteprogram utan brukargrensesnitt på nynorsk og utan god nok stavekontroll på nynorsk. Dei nyttar altså hjelpemiddel i skriveopplæringa som fortel dei at det dei skriv er feil, sjølv om det er korrekt nynorsk. Dette kan opplæringslova berre løyse ved at skrive- og andre kontorstøtteprogram får eit klart parallellitetskrav på seg frå norske styresmakter. Om ikkje, gjev utvalet dei store multinasjonale selskapa makt over norsk språkutvikling.

***

Opplæringspolitikk er språkpolitikk

Opplæringslova er ei heilt sentral språklov. Det er på opplæringsfeltet store delar av språkpolitikken vert utøvd, og det er såleis den mest sentrale språkpolitikken i eit samfunn.

Noregs Mållag krev at regjeringa gjer dei naudsynte tiltaka i arbeidet med ny opplæringslov for at nynorskelevane skal få ei like god opplæring som bokmålselevane har. Jamstillinga mellom nynorsk og bokmål er heilt avhengig av ei betre opplæringslov der dei språklege rettane til nynorskelevar blir lovfesta.

I mai i år kom regjeringa sitt framlegg til språklov. Denne slår i større grad enn mållova fast det offentlege sitt ansvar for språkpolitikken, og det særlege ansvaret staten har for å fremje det minst brukte språket. Det tyder at situasjonen for nynorsk skal vurderast i all politikkutvikling der norsk språk er relevant. Opplæringslovutvalet oppnemnt av regjeringa føreslår å endre fleire av språkrettane til elevane, utan at dei språkpolitiske konsekvensane er utgreidde, eller at den språkpolitiske dimensjonen av endringane i det heile er nemnt. Utvalet sitt framlegg til ny opplæringslov står i sterk kontrast til formålet til den føreslegne språklova. Noregs Mållag meiner difor det vil vere svært problematisk om regjeringa stiller seg bak framlegga frå utvalet som så klart råkar nynorsken og nynorskbrukarane.

Landsmøtet til Noregs Mållag krev:

1. Språkdelt ungdomsskule
Språkdelt ungdomsskule er eit av dei viktigaste tiltaka i språkdelte område for å sikre god hovudmålsopplæring for nynorskelevane.

I 2016 bad fleirtalet på Stortinget om ei utgreiing om retten til å gå i eigen nynorskklasse gjennom heile grunnskulen. Sidan har det ikkje skjedd noko. No må kunnskapsministeren ta grep og fremje lovfesting av denne retten.

2. Digitale læremiddel på nynorsk
Nynorskelevane må sikrast same rett til digitale læremiddel og kontorstøtteprogram på eige språk som bokmålselevane har.

Nynorskelevane får i stor grad tilbod om digitale læremiddel som berre finst på bokmål. Opplæringslovutvalet behandlar heile problemstillinga med harelabb, og ser ikkje i det heile ut til å ha teke henne inn over seg. Utvalet skriv at dei meiner dagens paragrafar synest dekkande, trass i Noregs Mållag si undersøking som syner at det ikkje stemmer. Utvalet vil heller ikkje innlemme dei viktige kontorstøtteprogramma i parallellitetskravet. Slik gjev utvalet dei store multinasjonale selskapa makt over norsk språkutvikling.

3. Hald på skulemålsrøystingane
Historisk har retten til rådgjevande røystingar om skulemål i skulekrinsane vore heilt avgjerande for nynorsken si utbreiing. Opplæringslovutvalet gjer framlegg om å fjerne denne retten i lova. Då fjernar dei også ein av dei viktigaste språkrettane i Noreg. Det er oppsiktsvekkjande at dei gjer dette heilt utan å diskutere dei språkpolitiske konsekvensane.

Fjernar ein den lovpålagde plikta til slike skulemålsrøystingar, vil avgjerda om opplæringsmål liggje hjå kommunestyret åleine, med eit høve etter kommunelova til å halde rådgjevande røystingar. Det er svært uklart kva utslag det vil gje. Skulemålsrøystingane fungerer i dag berre som forsøk på å vippe nynorsken ut av skulekrinsane. Noregs Mållag meiner likevel at makta til å endre skulemålet i krinsen framleis bør ligge hjå innbyggjarane.

4. Ei reell tilsynsordning
I dag er tilsynet med språkrettar i skulen dårleg. Noregs Mållag meiner dei manglande rutinane, den vantande kunnskapen og dei uklare klagerutinane undergrev retten elevane har til læremiddel på eige hovudmål.

For å sikre oppfølginga av språkrettane i opplæringslova meiner vi at tilsynsansvaret for språkrettar i skulen bør liggje med tilsynsansvaret for andre språkrettar: hos Språkrådet. Dei bør også vere klageinstans når rettane blir brotne. Dei har god kompetanse på feltet, og kan dermed følgje opp dette ansvaret på ein god måte.