aktuelt

Prioriter nynorskelevane i opplæringslova

Synnøve Marie Sætre, leiar i Noregs Mållag

– Opplæringslova er ei heilt sentral språklov og difor avgjerande for nynorsken sine kår, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag har no levert sitt svar til høyringa om ny opplæringslov. Det kan de lese her:

Høyringssvar frå Noregs Mållag til ny opplæringslov

– Det er på opplæringsfeltet store delar av språkpolitikken vert utøvd. Difor kviler Noregs Mållag sine innspel på ein heilt sentral premiss: Opplæringspolitikk er språkpolitikk, seier Synnøve Marie Sætre.

Den noverande opplæringslova veg ikkje opp for dei ulike vilkåra til bokmåls- og nynorskelevar her i landet.

– Framlegget til ny opplæringslov tek nokre viktige grep for å betre tilhøva, men Noregs Mållag meiner framlegget ikkje går langt nok i å sikre nynorskelevane ei like god opplæring som bokmålselevane, seier Synnøve Marie Sætre.

Dette er dei viktigaste krava våre:

  • Nynorskelevane må få alle sine læremiddel og tilleggsressursar på nynorsk.
  • Skulane kan berre ta i bruk skriveverkty med nynorsk stavekontroll, utan atterhald i lova.
  • Hovudmålet, og retten til opplæring på hovudmålet, skal følgje eleven ut grunnskulen.
  • Nynorskandelen i norskbøkene må opp i ungdomsskulen og vidaregåande
  • Foreldre som vil opprette parallellklasse må framleis få bestemme kva skule desse skal vere på.

Høyringsfristen er 20. desember, og Noregs Mållag vonar at mange vil seie meininga si.

Klikk her for å sjå lova og levere høyringssvar.

– Saman får vi til ei betre opplæringslov for nynorskelevane, seier Synnøve Marie Sætre.