aktuelt

Raudt leverer om nynorsk

Raudt sviktar ikkje som sterke støttespelarar for nynorsken. – Venstresida si urokkelege støtte er svært viktig for måljamstillinga, meiner leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

På landsmøtet sitt i mars vedtok Raudt fleire gode tiltak for nynorsk, mellom anna at jamstillinga mellom bokmål og nynorsk skal slåast fast i Grunnlova.

– Det er rett og slett heilt strålande at Raudt ønskjer å grunnlovsfeste jamstillinga mellom dei to norske skriftspråka, seier leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

Raudt vil òg at nynorsk teksting skal vere tilgjengeleg på alle norske filmar, og at nynorskelevane skal ha rett til å gå i eigne klassar på ungdomsskulen. Mållagsleiaren meiner programmet er svært godt.

– Akkurat som SV ønskjer Raudt ein nynorskpolitikk som på mange punkt er samanfallande med Noregs Mållag sin.

Lofnes Hauge er glad for at venstresida viser at dei tek nynorskpolitikk på alvor.

– Med så gode program frå både Raudt og SV viser den norske venstresida seg fram som dei fremste støttespelarane av nynorsk i norsk politikk. Det er svært viktig for oss.

Her er det som står om nynorsk i programmet til Raudt:

Nynorskundervisningen må styrkes gjennom positiv forsøksvirksomhet og nynorskklasser der det er grunnlag for det. Lærerutdanningen må sikre gode nynorsklærere. Retten til nynorskklasse skal utvides til å gjelde ut grunnskolen

Digitale læremidler må gjøres tilgjengelig på begge målformer. Læringsplattformer og programvare skal alltid ha norsk språk som en mulig innstilling.

Læremidler og undervisningsmateriale gjøres tilgjengelig digitalt, også på nynorsk og nasjonale minoritetsspråk så langt det lar seg gjøre. Dette skal ikke fortrenge bøker og andre ikke-digitale læremidler.

Nynorsk og bokmål skal være likestilte språk på alle samfunnsområder i Norge. Reell likestilling mellom skriftspråkene skal grunnlovfestes.

Alle statlige virksomheter skal være omfattet av Språkloven og den skal håndheves strengere.

NRK skal minst nå kravet om 25% nynorsk på alle plattformer.

Øke bruk av nynorsk i statsforvaltningen.

Ha målsetting om at all riksdekkende media skal åpne for og benytte seg av nynorsk journalistikk.

Øke støtte til NRK Nynorsk mediesenter, NTB Nynorsk pressekontor og Nynorsk avissenter.

Teksting på bokmål, nynorsk og samisk skal være tilgjengelig på alle norske filmer og det skal stilles krav om at strømmetjenester også tilbyr nynorsk og samisk teksting, omtaler og menyer.