aktuelt

Reagerer på lite nynorsk på Helsenorge

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

– Det er ein alvorleg trend der veldig mange statsorgan regelrett gjev blaffen i språklova, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. 

Berre åtte prosent av nettstaden Helsenorge er tilgjengeleg på nynorsk, skriv porten.no tysdag. Det kjem fram i ein rapport frå Språkrådet. 

Språklova krev at statlege organ brukar 25 prosent nynorsk i allmenne dokument.  Helsenorge.no er ein offentleg nettstad, der innhaldet vert levert av ulike aktørar i helsesektoren. Det er Norsk Helsenett som har ansvar for drift og utvikling av nettstaden.

Forventar meir

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, reagerer på at Helsenorge ikkje oppfyller krava i Språklova. 

– Det er ein stor og viktig nettstad som kommuniserer med publikum om veldig viktige ting. At dei går fram som eit språkleg førebilete, bør ein kunna forventa, seier Hauge til porten.no.

– Alvorleg trend

Hauge understrekar at Helsenorge har hatt lang tid på seg til å få på plass ein nynorskversjon, og legg til:

– Det er ein alvorleg trend der veldig mange statsorgan regelrett gjev blaffen i språklova. 

På vent

Ifølgje Synnøve Farstad, direktør for HR og kommunikasjon i Norsk Helsenett, er det vanskeleg for dei å innfri kravet til Språklova. 

– Allereie i starten av 2020, då me tok over ansvaret for Helsenorge, gjekk me gjennom det tekniske og redaksjonelle i løysinga. Då vart det klart at me ikkje innfridde krava til Språklova redaksjonelt, til liks med at den tekniske løysinga ikkje var god nok til å støtta personleg tilpassa språkleg innhald, seier ho til porten.no. 

Det vart sett av midlar til arbeidet i mars 2020, men det vart sett på vent på grunn av koronapandemien. 

Farstad meiner det er vesentleg at informasjon på Helsenorge skal finnast på begge målformer, men at det er ei omfattande oppgåve å få det til. 

Dette står i rapporten frå Språkrådet

  • Samla sett på både nett og PDF er 8,43 prosent av innhaldet på nettstaden tilgjengeleg på nynorsk. 91,57 prosent var tilgjengeleg på bokmål.
  • På Facebook var 29,8 prosent av innhaldet på nynorsk, medan 70,2 prosent var på bokmål. Såleis er nynorskbruken i sosiale medium høgare enn på nettsida deira.

Kjelde: Språkrådet, porten.no