aktuelt

– Regjeringa ser dei unge nynorskbrukarane

Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom

Regjeringa har nett lagt fram den aller første stortingsmeldinga om barne- og ungdomskultur.

– Med denne stortingsmeldinga viser regjeringa at dei ser utfordringane for dei unge nynorskbrukarane, og at det trengst tiltak for å løfte nynorsk språk spesielt. Vi håpar no at vi får sjå konkrete tiltak og løyvingar for å oppnå dette, seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom.

Ho viser til føremålsparagrafen i den nye språklova, som slår fast at offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket. 

– Alt for ofte ser vi at nynorsken blir gløymd i utgreiingar som dette. No håpar vi at regjeringa ser til denne stortingsmeldinga som eit døme på korleis det skal gjerast, seier Gunnhild Skjold.  

Likevel ikkje heilt i mål
Gunnhild Skjold trekker også fram som positivt at meldinga drøftar utfordringar med tilgangen til barne- og ungdomskultur for brukarar av norsk teiknspråk og dei samiske språka. 

– Alle barn og unge skal ha tilgang til kulturtilbod på språka sine. Det er både viktig for den enkelte og for å styrke og utvikle språka, seier Gunnhild Skjold.

Ho kjem derfor med ein peikefinger, og viser til at kulturpolitikken også skal styrke kvensk, romani og romanes som grunnleggande kulturberarar.

– Regjeringa har hugsa på store delar av det norske språkmangfaldet, men er likevel ikkje heilt i mål. Språka til dei nasjonale minoritetane er ekstra utsette, og det trengst ein meir heilskapleg og målretta politikk for å gi barn og unge tilgang til kulturtilbod på desse språka, seier Gunnhild Skjold. 

Meld.St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge