Ruter-appen på nynorsk!

Er du ein av dei som brukar Ruter-appen? No kan du skifte språket til nynorsk.
Ruter er ein av Noregs mest brukte appar. Med den kan du kjøpe billettar til kollektivtrafikk i Oslo og Akershus. Kvar veke er det heile 900 000 som brukar appen. I 2024 registrerte dei over 395 millionar reiser. Fram til i dag har språkvalet stått mellom bokmål og engelsk, men no kan du endeleg velje nynorsk.
– At Ruter lagar nynorskversjon av appen sin er skikkeleg stas og kjempeviktig for veldig mange menneske som no får møte meir nynorsk i kvardagen, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Ruter tar språkansvar og viser sjølvtillit når dei rettar ryggen og ropar: Vi finst også på nynorsk! Ruter gjer det lettare å vere nynorskbrukar – også i eit digitalt samfunn!
I dag, måndag 12. mai er det 140 år sidan Stortinget vedtok å jamstille det som seinare skulle bli nynorsk og bokmål.

– For mange er nynorsk meir enn eit språk. Det er ein bit av heimstaden du ber med deg, uansett kor du er i verda. I Ruter trur vi at kollektivtransport handlar om meir enn å kome seg frå A til B – det handlar om å skape tilhøyrsle. Når vi no tilbyr appen vår på nynorsk, ønskjer vi å gi alle brukarane våre moglegheita til å reise med språket som kjennest som heime, seier Bernt Reitan Jenssen, administrerande direktør i Ruter.
Slik får du skifta til nynorsk: Ruterappen som inkluderer nynorsk finst i iOS versjon 9.22.0 og Android versjon 7.67.0, og vi håpar at mange brukarar får glede av funksjonaliteten.
Slik får du Ruter-appen på nynorsk
iPhone (iOS) og Android
- Sjekk at du har lagt til nynorsk som språk i systeminnstillingane på telefon
- Opne Ruter-appen
- Gå til Profil
- Vel Innstillingar
- Gå til Språk
- Vel Føretrekt språk
- Vel Nynorsk

Sjefen ordna kake: Dagleg leiar hjå Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, laga både kake og dekor då Ruter på nynorsk skulle feirast! (Foto: Thomas Brun, NTB Kommunikasjon)