aktuelt

Saman styrkjer vi nynorsken i Dovre

Peder Lofnes Hauge (Foto: Kristianne Marøy)

I nesten hundre år har opplæringsmålet i Dovre kommune vore nynorsk. På måndag skal kommunestyret vedta hovudmål i skulen.

Grunnen til at saka må opp, er den nye opplæringslova, som pålegg alle kommunar å gjere vedtak om dette for alle grunnskular. To alternativ er lagde fram: å velje nynorsk eller å halde folkerøysting om spørsmålet. Noregs Mållag oppmodar kommunestyret til å vedta nynorsk. 

Alle elevar i den norske skulen skal lære både bokmål og nynorsk. Vi meiner det gjev elevane ein stor fordel at dei får starte med nynorsk og vere i ein nynorsk skulekvardag, fordi bokmål dominerer i samfunnet elles. Dialekt og nynorsk er viktig for identiteten i Nord-Gudbrandsdalen, og er også ein stor del av lokalsamfunnet. Dette bør vi ta vare på og utvikle vidare saman.

Innlandet har 2 800 nynorskelevar i grunnskulen. Nasjonalt er det 72 500 nynorskelevar fordelt på 128 kommunar. Desse elevane må få ei best mogleg opplæring. Nynorsklærarane og elevane treng å få språkleg gode lærebøker, og i tillegg andre læremiddel og læringsressursar på nynorsk. Lærarutdanningane må tilby betre nynorskundervisning til lærarstudentane, og lærarane må få tilbod om fagleg oppdatering med jamne mellomrom. Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) og andre nynorskinstitusjonar tilbyr dessutan mange gode opplegg.

Å skifte opplæringsspråk i skulen er ikkje ei sak ein skal ta lett på. Derfor stiller lova krav til at minst ein fjerdedel av dei med røysterett, må ha skrive under på eit krav før kommunestyret pliktar å gjennomføre røysting. Forskrifta seier også at alle innbyggjarar over 18 år har rett til å røyste i slike saker. Stortinget har på det viset markert at språket i skulen er eit spørsmål som ikkje berre gjeld elevane og lærarane på ein enkelt skule, men også er viktig for lokalsamfunnet rundt skulen, næringslivet, organisasjonslivet og kyrkja.

Val av språk i skulen er, og skal vere, ei lokal avgjerd. Samstundes har vi også eit felles ansvar for å stø opp om nynorsken. Difor har ei lokal sak om skulespråk nasjonal interesse. Saman styrkjer vi nynorsken i Dovre og i Noreg.

Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag