aktuelt

Motivasjonssamling for unge vaksne

Desse samlingane har blitt veldig populære. Vi inviterer medlemer frå 25 til 40 år, i tillegg til sentralstyret i Norsk Målungdom. Dette er ei motivasjonssamling med både faglege innleiingar og sosialt opplegg, og siktemålet er å få unge vaksne tillitsvalde til å møtast.

I tillegg til at vi vonar unge vaksne vil bli tillitsvalde og aktive i Mållaget. Seminaret blir på skrivarstova i Oslo laurdag 10. september og sundag 11. september. Deltakaravgift: 500 kroner. Den summen dekkjer du eller laget ditt. (Noregs Mållag dekkjer reise og mat)

Påmeldingsfrist var 1. september. Det er avgrensa tal plassar på seminaret, så det er gode grunnar til å melde frå kjapt! 

Skriv dei inn i påmeldingsskjema her:

Spørsmål og praktisk. Skriv til: hege.lothe@nm.no 

Laurdag 10. september:
12.15 Lunsj 

13.30 Velkomen til samling for unge vaksne! Presentasjonsrunde.  

13.45 Målsaka og (lokal)politikken – korleis nytte seg av politikken?
ved Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Trine Østereng, rådgjevar i Tankesmia Agenda 

Spørsmål og ordskifte

14.45 Retten til læremiddel og læringsverktøy på eige språk. Kva er status, kva ligg i framlegget til opplæringslov og kva bør vi krevje? ved Benedicte Frostad

15.45 Pause med noko å bite i. (Vi sender heim deltakarane på lokallagsleiarsamlinga og (godt) vaksne styremedlemer)

16.30 Kva er den målpolitiske situasjonen nett no?
Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag
Spørsmål og ordskifte 

17.30 Om å vere ung og fersk i Mållaget. Kva bør vi bli betre på? Gode tips på vegen…
Lena Nakken Kallevik, Skedsmo Mållag, Silje Nathalie Luvåsen, Hamar dialekt- og mållag og Marie Jahren Fludal, Sveio Mållag.

20.00 Festmiddag
Vert: Vegard Troøyen Foseide 
Opplesing:  Tharaniga Rajah, forfattar

Søndag 11. september

10.00  Kva er dei viktigaste krava til ny opplæringslov og korleis arbeider Mållaget med dette?
ved Frida Pernille Mikkelsen, politisk rådgjevar i Noregs Mållag

10.50 Kva kan framlegget til ny boklov gjere for nynorsken?
ved Janne Nygård, redaktør i Skald forlag 

11.20 Ytringsfridom og nynorsken
Kvar står vi etter at ytringsfridomskommisjonen har lagt fram NOU 2022:9: En åpen og opplyst offentlig samtale ved Runar Mæland, filosof og rådgjevar

12.10 Pause (med noko å bite i) 

12.30  For ein språkaktivist det kan jo mange vera — språkaktivisme og språkaktivistar frå eit teoretisk synspunkt
ved James Konrad Puchowski, som snakkar utifrå doktorgraden som nyleg er levert

13.30 Evalueringa av unge vaksne samlinga. 

13.45 Avslutning og takk for no! Vi et lunsj saman.