aktuelt

Sebastian er ny leiar i Norsk Målungdom

Ny leiar i Norsk Målungdom, Sebastian V. Natvik. (Foto: Maren Braut / Norsk Målungdom)

Sebastian Vinsent Natvik (20) frå Alver i Vestland vart i dag vald til ny leiar i Norsk Målungdom på landsmøte på Vinstra.

Sebastian Natvik har bakgrunn frå lokallaget Katten Målungdom på Bergen Katedralskule. Han har også sitte landsstyret og sentralstyret før han no tek fatt på leiarvervet.

– Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og ser fram til å kjempe for nynorsk og dialektmangfald på fulltid, seier den nyvalde leiaren.

– Dei viktigaste sakene Norsk Målungdom det neste året vil definitivt vera arbeidet med nynorsk i skulen og nynorsk i ein digital kvardag. I arbeidet med den komande opplæringslova må me få på plass eit heilheitleg krav om at alle digitale læremiddel skal vera tilgjengeleg på nynorsk.

Han har sjølv erfart korleis det er å vere ein av få nynorskelevar i klassen.

– Då eg gjekk på vidaregåande i Bergen fekk eg ikkje lærebøker og digitale læremiddel på språket mitt. Kvart år opplever nynorskelevar over heile landet det same som eg gjorde. Er det liksom slik at vi er 2. rangs berre fordi vi skriv nynorsk? Er det rettferdig at me nynorskelevar i fleire tilfelle må gå månadsvis utan lærebøker på språket vårt?, spør Natvik retorisk.

Ny leiar, Sebastian V. Natvik, med Norsk Målungdom bak seg (Foto: Maren Braut)

Dette er det nyvalde sentralstyret:
Leiar – Sebastian Natvik, 20 år frå Alver i Vestland
1. nestleiar – Synne Solberg, 22 år frå Sør-Fron i Innlandet
2. nestleiar – Janne Urkegjerde, 19 år frå Stranda i Møre og Romsdal
Styremedlem – Johannes Rønning, 22 år frå Ørland i Trøndelag
Styremedlem – Ann-Mari Ruste, 20 år frå Dovre i Innlandet

1. vara – Sabina Fosse Hansen, 24 år frå Alver i Vestland
2. vara – Endre Helland Gujord, 18 år frå Bergen i Vestland
3. vara – Sylvelin Bækken Toft, 19 år frå Alver i Vestland

Ny leiar og nytt sentralstyre byrjar 1. juli 2024.