Sidemål er demokrati i praksis

Lærar Erik Helgerud skriv i Aftenposten at elevane må få sleppe sidemålsordninga, og får svar frå kommentator Therese Sollien. Nestleiar Live Havro Bjørnstad oppsummerer Mållaget sine synspunkt i dette innlegget.
Nyleg inviterte Erik Helgerud til «respektfull dialog» i Aftenposten om nynorsk og demokratiopplæring i skulen. Den dialogen ynskjer eg hjarteleg velkomen, men innlegget hans vart ein litt kronglete start.
Som Helgerud, har også eg erfaring frå vidaregåande skule. Og som Helgerud, snakkar også eg ofte med elevane mine om sidemål og demokratiske spelereglar. Helgerud meiner at elevane hans har eit nyansert syn på den kulturhistoriske verdien av å ha to skriftspråk, men slik han legg det fram, verkar demokratiforståinga i undervisninga hans å vera litt meir einsidig.
For å bli høyrd i eit ope samfunn som vårt, er det éin ting som gjeld: Å organisera seg! Det har elevane på skulen min forstått: For nokre år sidan vart nemleg eit lite mindretal nynorskelevar her såpass leie av å ikkje få oppfylt dei språklege rettane sine, at dei ville ta til motmæle – og då vart dei sjølvsagt høyrde! Fordi dei organiserte seg, stifta eit lag og vart sterkare saman.
Det kan ein engasjert samfunnsfaglærar oppmoda elevane sine til å gjera, viss dei kjenner på motløyse av å ikkje sleppa til med meiningane sine.
Det er jo også grunnen til at Noregs Mållag, slik Helgerud heilt korrekt peikar på, har ei viktig røyst i diskusjonen om sidemål. Og slik må det sjølvsagt vera! Vår oppgåve er å snakka for dei 16 000 medlemene våre, som har meldt seg inn i Mållaget fordi dei meiner sterkt at nynorsken har ein viktig plass i landet vårt – då også i skulen.
Skulen i Noreg skal vera ein fellesskule, der ein legg opp til å føra vidare grunnleggjande kunnskap og verdiar som me vil byggja landet vårt på. Denne skulen legg mellom anna opp til at fleirtalet lærer språket til mindretalet, for å byggja opp respekt, forståing og likestilling hjå elevane. Slik bind sidemålet oss saman som nasjon.
Me lærer ikkje sidemål i skulen fordi Noregs Mållag meiner det er viktig. Staten meiner det er viktig. Sidemålsordninga ligg til grunn for at me skal kunna halda fram å leva i eit tospråkleg land. Viss nynorskelevane hjå meg skal kunna gå ut i framtida og bruka språket sitt fritt, er det heilt avgjerande at dei kan stola på at folk rundt dei forstår det dei skriv. At KI og omsetjingsprogram har sparka beina under at me må meistra begge språka våre, er like lite rett som at kalkulatoren har gjort matematikkfaget overflødig.
Eg kan godt skjøna at elevane hjå Helgerud mister motivasjonen for å læra viss alt sidemålsundervisninga deira legg opp til er å «pugge verb og substantivendinger». Men eg trur ikkje på at ein engasjert norsklærar vil leggja lista så lågt. Ein god norsklærar, og samfunnsfagslærar for den saks skuld, vil sjølvsagt undervisa i og om nynorsk på ein levande måte, og formidla positive haldningar til språk og kunnskap.
Helgerud har rett i at ordskifta om sidemål ofte går i skyttergraver. Det handlar nettopp om mangel på forståing. Her opplever eg ikkje at Helgerud prøver å forstå og gå nynorskbrukarane i møte. Språket er så tett knytt til identitet, at når det vert angripe, er det vanskeleg å ikkje gå til motåtak.
Ungdomane som organiserte seg for nynorsken hjå meg, opplevde å få ei røyst i prosessar der dei ikkje tidlegare hadde blitt høyrde. Men i same slengen fekk dei også snudd eit nokså nynorskkritisk fleirtal i elevgruppa. På oppsiktsvekkjande kort tid skapte dei eit ytringsklima der det var mykje høgare terskel for å trakka på andre sitt språk og den identiteten som er knytt til dette.
Det trur eg heng saman med nettopp dette som har med demokrati å gjera: Elevane ser at nynorsken er eit språk som lever i beste velgåande, og at elevar på skulen deira brukar det i kvardagen sin. Dei ser også at dersom mindretalet skal få ta plass i fellesskapen, på same måte som fleirtalet kan det, må me laga den plassen sjølve. Og då må me forstå kvarandre.
Live Havro Bjørnstad
Nestleiar i Noregs Mållag