aktuelt

 – Sidemålsordninga er sikra

Thomas Brun, NTB Kommunikasjon.

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. 

I 127 dagar har målfolk frå nord til sør og frå aust til vest jobba saman for kampanjen Nynorsk i skulen for alle. Målet har vore å vise kor viktig sidemålsordninga er for nynorsken som nasjonalt språk.

– Eg er stolt over det vi har fått til inn mot dette valet, seier mållagsleiaren.

Krev raudgrønt nynorskløft
Arbeidarpartiet må få med seg Senterpartiet, SV, Raudt og MDG for å danne fleirtal i Stortinget.  

– Nynorsken har mange vener i desse partia. Difor ligg alt til rette for ein meir offensiv nynorskpolitikk denne perioden, seier Peder Lofnes Hauge, som har ei liste med fem krav:

1: Sats på sidemål
2: Grunnlovfest nynorsk
3: Styrk digital nynorsk
4: Sikre nynorsk i lærarutdanninga
5: Gje eit økonomisk løft for nynorsk kultur

– Regjeringa må styrkje sidemålsordninga. Den systematiske opplæringa bør ta til langt tidlegare enn i dag, og vi må ha lærarar som fremjar gode haldningar til nynorsk og kan drive god opplæring i og på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.

Han er også oppteken av at det må bli meir nynorsk over alt – særleg på internett. Noregs Mållag krev ein handlingsplan for norskspråkleg digitalisering.

– Dei store teknologiselskapa sit med altfor stor makt over språkutviklinga i Noreg, både i klasseromma og samfunnet elles. Vi må ta tilbake makta over utviklinga, seier Peder Lofnes Hauge.