aktuelt

– Skal krevje meir nynorsk

Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag.

– Nynorskelevane må få den same retten og tilgangen på digitale læremiddel som bokmålselevane har. Nynorskelevane er ikkje andrerangselevar i Noreg, og det kan vi ikkje tillate at dei blir heller, seier Peder Lofnes Hauge, nyvald leiar i Noregs Mållag. 

I helga var det e-postlandsmøte i Noregs Mållag, der Peder Lofnes Hauge (31) vart vald til ny leiar. Han kjem frå Gloppen i Nordfjord, bur i Bergen, og har i fleire år vore Venstre-rådgjevar i byrådet i Bergen.

 – At nynorskelevane har kontorstøtteprogram utan nynorsk retteprogram og ei mengd digtale læringsressursar berre på bokmål gjev dei ei dårlegare språkopplæring enn bokmålselevane. Slik kan vi ikkje ha det. Dette må kunnskapsminister Guri Melby sikre betre i opplæringlova. 

Hauge ventar òg på ei heilt ny språklov frå partikollega og kulturminister Abid Raja i Kulturdepartementet.

– Eg vil ha ei offensiv språklov. Og det må Abid Raja levere, utan dei svekkingane som låg i framlegget frå departementet i vinter. Raja kan ikkje fjerne den snart hundre år gamle plikta statstilsette har til å meistre heile det norske språket. Det vil svekke statusen og stoda for nynorsk som bruksspråk.

Hauge krev òg at nynorskelevene skal ha rett til å gå i eigne klassar også på ungdomsskulen. 
– Språklæringa til nynorskelevar blir ikkje god nok når dei får mykje av undervisninga på bokmål. Fleire regjeringar har forstått problemstillinga, men ikkje vore villige til å gje nynorskelevane den retten. No må det skje, seier han.

Eit styrkt mållag aukar ambisjonane
Noregs Mållag har det høgste medlemstalet på 30 år, og den nyvalde leiaren har over tretten tusen medlemer i ryggen. Den nye språklova slår fast det offentlege sitt ansvar for å fremje det minst brukte språket, nynorsk.
– Eg vil ikkje høyre eitt ord om at vi stiller urimelege krav før det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg, seier Peder Lofnes Hauge. 

Den nynorske kvardagen etter korona
– Alle ventar på kvardagen etter koronakrisa. Eg ventar på den nynorske kvardagen. Det er ein kvardag der nynorskelevar ikkje må bruke digitale læremiddel på bokmål, der alle møter meir nynorsk rundt seg, og der alle enkelt og effektivt kan bruke nynorsk. Slik er det ikkje i dag, difor trengst mållaget. Alt skal bli som før etter korona, men nynorsken sine kår må bli betre. Ingen virus i verda kan stogge norsk målreising, seier Lofnes Hauge.

Han får med seg lærar Synnøve Marie Sætre (29) frå Ørsta som ny nestleiar. Dei andre styremedlemene er: Inger Johanne Sæterbakk (38), Oslo, Anders Riise (51), Hareid, Kjetil Aasen (42), Oslo, Ellinor Bergli Bustad (50), Skaun i Trøndelag og Gunnhild Skjold (24), vald av Norsk Målungdom. 1. vara: Bjørn Seljebotn (68), Bø i Telemark, 2. vara Birgitta Lim Ersland (31), Oslo, 3. vara Reidun Ramse Sørensen (68), Hadeland, og 4. vara Øystein Skjæveland (51), Kvinnherad.