aktuelt

Skulepolitikk er språkpolitikk

– Opplæringslova er ei heilt sentral språklov. Det er på opplæringsfeltet store delar av språkpolitikken vert utøvd, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Denne helga har Noregs Mållag vore samla til digitalt landsmøte og peika ut opplæringslova som eitt av dei viktigaste arbeidsfelta.

Mållaget krev at regjeringa og kunnskapsminister Guri Melby (V) sikrar nynorsken og sårbare nynorskelevar i den nye opplæringslova.

– I dag risikerer nynorskelevane å få ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane, og det kan ingen ansvarleg statsråd sitje i ro og sjå på, seier Peder Lofnes Hauge.

Peder Lofnes Hauge vil få på plass ein rett til å gå i eigne nynorskklasser også på ungdomsskulen og sikre retten til digitale læremiddel på eige språk.

– Nynorskelevar druknar i digitale læremiddel på bokmål. Det er i praksis fritt fram for læremiddelprodusentar å sjå vekk frå elevane sine rettar. Norsk språkpolitikk skal formast av Stortinget og ikkje av teknologi-gigantar i California. Lovverket må tilpassast røyndomen ute i klasseromma.

Landsmøtet i Noregs Mållag krev:

1. Språkdelt ungdomsskule
Språkdelt ungdomsskule er eitt av dei viktigaste tiltaka i språkdelte område for å sikre god hovudmålsopplæring for nynorskelevane.

I 2016 bad fleirtalet på Stortinget om ei utgreiing om retten til å gå i eigen nynorskklasse gjennom heile grunnskulen. Sidan har det ikkje skjedd noko. No må kunnskapsministeren ta grep og fremje lovfesting av denne retten!

2. Digitale læremiddel på nynorsk
Nynorskelevane må sikrast same rett til digitale læremiddel og kontorstøtteprogram på eige språk som bokmålselevane har. Nynorskelevane får i stor grad tilbod om digitale læremiddel som berre finst på bokmål, fordi store multinasjonale selskap og ikkje nasjonalforsamlinga har makt over norsk språkutvikling.

3. Hald på skulemålsrøystingane
Historisk har retten til rådgjevande røystingar om skulemål i skulekrinsane vore heilt avgjerande for nynorsken si utbreiing. Dersom denne retten blir fjerna, ryk også ein av dei viktige språkrettane i Noreg – og avgjerda om opplæringsmål vil liggje hjå kommunestyret åleine.

4. Ei reell tilsynsordning
I dag er tilsynet med språkrettar i skulen dårleg. Noregs Mållag meiner dei manglande rutinane, den vantande kunnskapen og dei uklare klagerutinane undergrev retten elevane har til læremiddel på eige hovudmål.

Språkrådet bør vere klageinstans når desse rettane blir brotne. Dei har god kompetanse på feltet, og kan dermed følgje opp dette ansvaret på ein god måte.