aktuelt

Søk jobb i Mållaget

Mållaget har ledig to stillingar som politisk rådgjevar og redaktør / kommunikasjonsrådgjevar.

Søknadsfristen for stillingane er tysdag 26. april.

Politisk rådgjevar
Noregs Mållag søkjer etter ein ryddig, skrivefør, allsidig og fleksibel person som ønskjer å arbeida som:

Politisk rådgjevar for leiinga i Noregs Mållag, med vekt på oppgåvene:
– skriva saksnotat til aktuelle politiske saker som kjem frå riks- og lokalpolitikk
– ta del i møteverksemd knytt til påverknadsarbeid andsynes politiske miljø og andre samarbeidspartnarar
– leggja til rette for og organisera kurs- og møteverksemd for politisk skulering i organisasjonen
– utforming og gjennomføring av ulike kampanjar
– formidling av politikken vår i sosiale medium

Utdanning, kvalifikasjonar og eigenskapar:
– høgare utdanning er ønskjeleg, men anna røynsle kan vega opp
– røynsle frå organisasjonsarbeid
– røynsle frå politisk påverknadsarbeid
– god munnleg og skriftleg formuleringsevne
– evne til sjølvstendig arbeid
– fleksibilitet til reiser og ukurant arbeidstid
– personleg eigna
– eit godt nettverk er ein fordel
Politisk rådgjevar samarbeider nært med leiar og dagleg leiar.

Stillinga er i dag plassert i lønsramme 21 i statens lønsregulativ med innplassering etter utdanning og ansiennitet (lønstrinn mellom 50 og 64). Arbeidsspråket er nynorsk. Stillinga er ledig frå siste halvdel av august. Kontorstad Oslo. Vi har ordningar for delvis heimekontor.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo, eller på e-post til gro.morken@nm.no

***

Redaktør og kommunikasjonsrådgjevar

Noregs Mållag søkjer etter ein ryddig, sørvisinnstilt, allsidig, kreativ og fleksibel person som ønskjer å arbeida som:

Redaktør og kommunikasjonsrådgjevar med vekt på arbeidsoppgåvene:

  • redaktør for medlemsbladet vårt Norsk Tidend (om lag 50 %)
  • heimesider og sosiale medium
  • informasjons- og pressearbeid
  • grafisk formgjeving knytt til SoMe, profiltilfang og informasjonsmateriell

Ut frå bakgrunnen til søkjarane vil det bli vurdert kva for nokre av arbeidsoppgåvene som er mest relevante ved sida av redaktørfunksjonen for Norsk Tidend. Alle medarbeidarar må også vera budde på å setja seg inn i aktuelle politikkområde og å ta tak i andre oppgåver når det er naudsynt.

For stillinga gjeld:
Du bør ha utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og røynsle frå informasjons- og organisasjonsarbeid. Røynsle frå politisk arbeid er også ein fordel. Stillinga krev evne til sjølvstendig arbeid, og kan føra med seg noko reising.

Redaktøren samarbeider nært med dagleg leiar, politisk rådgjevar, informasjon- og organisasjonskonsulent og organisasjonskonsulent.

Stillinga er i dag plassert i lønsramme 21 i statens lønsregulativ med innplassering etter utdanning og ansiennitet (lønstrinn mellom 50 og 64). Arbeidsspråket er nynorsk. Stillinga er ledig frå 15. august. Kontorplass: Oslo. Vi har ordningar for delvis heimekontor.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo, eller på e-post til gro.morken@nm.no

Om arbeidsgjevaren

Noregs Mållag arbeider for å fremja nynorsken og dialektane. Vi har i dag drygt 15 000 medlemer i om lag 180 lokallag over heile landet, eit styre på sju medlemer, landsmøtevald leiar i 100 % frikjøp og landsmøte annakvart år. Skrivarstova har i dag 7 heiltidstilsette. Vi held til i Oslo sentrum. Noregs Mållag er medlem i arbeidsgjevarorganisasjonen Virke, med pensjonsordning for dei tilsette.