Søk om å få nynorsk tøyveskebibliotek!
Noregs Mållag har fått støtte frå Utdanningsdirektoratet til leselystprosjektet nynorsk tøyveskebibliotek.
Fordi alle barn fortener å bli lesne høgt for på nynorsk. Gjennom ord blir verda stor. Nynorsk tøyveskebibliotek gjer det lettare å bli ein lese(høgt)hest!
Me oppmodar barnehagar i heile landet til å søkje om å vere med. Vi plukkar ut 10 barnehagar som får 10 tøyvesker gratis med bøker som barnehagen låner ut på omgang til føresette i barnehagen. Kvar tøyveske innheld ein god bunke med gode nynorske barnebøker som høver til høgtlesing for barn mellom 4 og 6 år.
Barnehagane som vert plukka ut, får beskjed før sommaren. Det vert utdeling av tøyveskebibliotek i september/oktober, gjerne i høve eit foreldremøte i barnehagen.
Søknadsfrist er 1. juli. Her kan du fylle ut søknadsskjema:
Søk om å få nynorsk tøyveskebibliotek!