aktuelt

Solid nynorskprogram frå KrF

– I KrF har Venstre ein god samarbeidspartnar for betre nynorskpolitikk på borgarleg side, meiner leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

På landsmøtet i april vedtok KrF nytt arbeidsprogram for dei neste fire åra. Partiet vil gjere det nynorsk og bokmål meir reelt jamstilte, mellom anna ved å styrkje  sidemålsundervisninga og betre nynorskopplæringa i lærarutdanninga. Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge er nøgd med det han ser.

– Krf har alltid vore ein trygg og solid støttespelar for nynorsken, og det er partiet òg denne gongen.

Mållagsleiaren merkar seg særleg at partiet går inn for sanksjonar for brot på den nyleg vedtekne språklova.

– Krf viser at dei vil meir med språklova enn den regjeringa dei no sit i, har fått til.

Lofnes Hauge meiner det er viktig at nynorsk har gode støttespelarar på borgarleg side.

– Vi veit at partia på venstresida er sterke på nynorskpolitikk, men KrF og Venstre viser at òg dei står støtt som nynorskvenlege sentrumsparti. Det er viktig, både for den komande opplæringslova og for samarbeidet i ei eventuell ny borgarleg regjering etter valet til hausten.

Her er det som står om nynorsk i partiprogrammet til Kristeleg Folkeparti:

Sikre en reell likestilling mellom bokmål og nynorsk i Norge. Et språk i mindretallsposisjon har et vanskeligere utgangspunkt enn et språk som benyttes av flertallet. Det må derfor være en prioritert oppgave å løfte nynorskens status som bruksspråk, og fjerne hindringer som nynorskbrukere møter.

Innføre en sanksjonsmulighet for brudd på språkloven.

Beholde obligatorisk skriftlig opplæring og vurdering i sidemål i skolen. Samtidig må kvaliteten på sidemålsundervisningen heves, og elevene må introduseres for sidemål tidligere.

Lærerutdanningen og utviklingen av læremidler må ta høyde for at vi har to likestilte målformer. Det er viktig å sikre kvaliteten på læremidlene på begge målformer.