Sophie Elise får Målblome av Mållaget
Sophie Elise får Noregs Mållag sin Målblome for å fremje nynorsk leseglede.
– Sophie Elise er ein av dei viktigaste påverkarane i Noreg. At ho jamleg framsnakkar nynorske bøker, fører til at fleire unge oppdagar at nynorsk kan vere noko kult, ekte og relevant, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
Målblomen vart delt ut til blomemottakaren utanfor heimen hennar måndag føremiddag.
– Gjennom ei så enkel setning som “eg elskar nynorsk” normaliserte ho det mange ungdomar har lært å fnise av eller ta avstand frå. Ho har difor gjort det enklare for unge nynorskbrukarar å vere stolte over eige språk – eller vekkje interesse hos unge bokmålsbrukarar, seier mållagsleiaren.
– Vi veit at kvar sjette nynorskbrukar opplever negative tilbakemeldingar på at dei skriv nynorsk. For dei under tretti år er talet kvar fjerde nynorskbrukar. Vi veit også at det er ei stor utfordring å fremje leselyst hos born og ungdom. Sophie Elise har valt å bruke marknadsmakta si til å motverke dette. Det vil vi heidre, seier Peder Lofnes Hauge.

Målblomen frå Noregs Mållag går til folk som har gjort ein god innsats for nynorsken. Det er styret i Noregs Mållag som avgjer kven som får utmerkinga.