aktuelt

Språkdelinga bør vere i nynorskens favør!

Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag. Foto: Dina Rygg Eide

Skuleåret er i gang med både nye læreplanar og nye lærebøker, og det får som vanleg alvorlege konsekvensar for nynorskelevane.

Nynorskversjonar av fleire lærebøker er forseinka frå forlaga, det er stor mangel på nynorske digitale læremiddel og dei språkdelte lærebøkene i norskfaget favoriserer bokmålet.

Lærebøkene i norskfaget er unnatekne parallellitetskravet og kjem ofte i språkdelte utgåver med veksling mellom bokmål og nynorsk. 

Sidan alle elevar skal lære både nynorsk og bokmål, høver det godt med språkdelte bøker i norskfaget, men skal praksisen med språkdelte lærebøker forsvarast pedagogisk, bør språkdelinga vere i nynorskens favør. 

Nynorskelevar treng å sjå meir nynorsk for å bli trygge hovudmålsbrukarar, og bokmålselevar treng å bli eksponerte meir for sidemålet sitt.

I norskbøkene som allereie er tekne i bruk av tusenvis av vg1-elevar landet rundt, er spriket i fordelinga mellom nynorsk og bokmål stort. Nokre forlag held seg godt innanfor det som er rimeleg, medan andre har under 30 % nynorsk i bøkene. Det er heilt uakseptabelt og kjem ingen til gode, snarare tvert imot.

Noregs Mållag meiner at fordelinga mellom nynorsk og bokmål i slike læreverk må vere jamnare, og at det ikkje kan vere meir bokmål enn nynorsk. Det må bli nedfelt i den nye opplæringslova. 

Å møte meir nynorsk er ein fordel for alle elevar, uavhengig av kva som er hovudmålet deira.

Synnøve Marie Sætre
Nestleiar i Noregs Mållag