aktuelt

Språklova 2.0

Kulturminister Anette Trettebergstuen

Nytt fleirtal kan styrke språklova.

Mållaget venta over femten år på ei ny språklov. Ho vart vedteken eitt år for tidleg. No kan kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) gje Noreg den språklova stortingsrepresentant Anette Trettebergstuen (Ap) kjempa for.

Den nye språklova tok til å gjelde frå januar i år. Lova slår fast at føremålet er å fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Det er historisk, og opnar eit nytt kapittel i norsk språkhistorie. Det offentlege må aktivt favorisere og forskjellsbehandle nynorsken heilt til det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar. Diverre følgjer ikkje resten av språklova opp føremålsparagrafen. Ein del ting er bra, men lova blei ikkje så bra for nynorsken som ho burde blitt.

Somme hevdar endåtil at enkelte delar av lova svekkjer nynorsken. Mellom desse «somme» finn vi noverande kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap). Eg er einig med ho. Som språkminister kan ho gjere noko med det.

Stortingsrepresentant Trettebergstuen lova før valet å skjerpe lova om ho kom i posisjon. Som kulturminister stadfesta ho at ho hugsa framlegga frå Arbeidarpartiet som det førre stortingsfleirtalet røysta ned. No er tida inne. Den perfekte eittårsgåva til Erna Solberg si språklov, er at høgrepolitikken blir stemt ut og erstatta med Trettebergstuen sine eigne gode ambisjonar for nynorsken.

No kan kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) gje Noreg den språklova stortingsrepresentant Anette Trettebergstuen (Ap) kjempa for.

Endringsproposisjon

Forskrifta til den nye språklova har nyleg vore på høyring. Her kom det til syne eit openbert arbeidsuhell frå departementet si side. Alle forskrifter med heimel i den gamle mållova er føreslått oppheva, sidan «innhaldet i desse forskriftene no er tekne inn i språklova». Men plikta sentrale statsorgan har til å skrive med regionale statsorgan på fleirtalsspråket i regionen, blir i realiteten oppheva når ein ser språklova og framlegget til ny forskrift samla. Det bryt med intensjonen i lova og kan umogleg ha vore tilsikta. I praksis forsvinn kravet om at eit departement må skrive nynorsk til statsforvaltaren i Vestland eller Møre og Romsdal, eller at Justisdepartementet og Politidirektoratet må skrive nynorsk til politistasjonen med nynorsk som fleirtalsspråk i tenestekrinsen sin.

Regjeringa kan enkelt sende ein endringsproposjon til Stortinget og reparere dette arbeidsuhellet i språklova. Der vil dei finne stort fleirtal for raudgrøne framlegg frå førre runde.

Kva kan endrast?

Å rette opp i feila frå førre runde bør vere fort gjort, og kan i praksis sendast ut i morgon. Framlegga er ferdig formulerte og førte i pennen av Trettebergstuen sjølv. Alle har eit avklart fleirtal bak seg i nasjonalforsamlinga:

  • At staten skal krevje at tilsette meistrar nynorsk, og at fylkeskommunar kan krevje det same.
  • At språklova skal gjelde også for intern sakshandsaming.
  • At språknøytrale fylkeskommunar skal ha talfesta vekslingskrav mellom bokmål og nynorsk, slik regionale statsorgan har.
  • At Språkrådet skal styrkast.
  • At opplæringsfeltet skal vere ein del av regjeringa sin språkrapport til Stortinget.
  • At det offentlege må ta større ansvar for å utvikle og bruke norsk terminologi og fagspråk, og gjere det tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk.

Med desse endringane kan Trettebergstuen styre på ei språklov som styrkjer heller enn å svekkje nynorsken. Lovarbeidet i førre runde var for dårleg. Difor bør ikkje språklova til Erna Solberg få bli meir enn eitt år. Trettebergstuen si lov kan derimot sikre offensiv språkpolitikk frå det offentlege og ei ny tid for nynorsken.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

Tobias Christensen Eikeland, leiar i Norsk Målungdom